Arild Stenberg er 1. kandidat for Etne Høgre.
FOTO: PRIVAT
Arild Stenberg er 1. kandidat for Etne Høgre. FOTO: PRIVAT

Meir om E134 og bompengar

Takk til Kenneth Karlsen for at han trekk fram dette viktige spørsmålet, nemleg det politiske målet om å byggja statlege vegar utan bompengar. Det er ei særs viktig sak, og eg ser gjerne at me tar den diskusjonen, for dette målet deler me.

I mellomtida vil me i Høgre jobba hardt for å få ny veg. Strekkja Bakka-Solheim er ute av NTP, men inne på 20. plass i vegvesenet si porteføljeprioritering. Me vil jobba iherdig for å få løfta fram denne vegen, og då treng me hjelp. Me må jobba effektivt inn mot både Bergen og Stavanger, og særleg på sørsida av Boknafjorden skulle det vera mogleg å henta støtte, når nå Rogfast står klar om nokre år.

Karlsen spør vidare om det ikkje er på tide å vurdera om det er mogleg å finna ei finansiering som ikkje legg unødige byrder på dei lokale innbyggjarane. I framlegget mitt skisserer eg ei løysing på akkurat det han spør om. Alle som passerer Etne, kan velja å ta den gamle vegen, og dermed sleppa å betala bompengar. Dei som vel den løysinga, vil få ein tur på ein veg omtrent som nå, men med mindre tett trafikk. Tungtrafikken vil nok susa forbi på den nye vegen, og det er ein fordel for oss i sentrum. Eg håpar at innbyggjarane i Etne ser det, og at dei vil støtta oss i arbeidet for å få gjennomført denne ordninga.

Eg minner elles om at det er slik bompengeinnkrevjinga er tenkt gjennomført mellom Seljestad og Røldal, med bomstasjon i den nye tunnelen. Er det mogleg å gjera det der, må det vera mogleg å gjera det slik her òg.

Eg har tru på at me i det nye kommunestyret, gjennom tett løysingsorientert samarbeid og målretta jobbing, kan oppnå gode resultat for kommunen vår.«Politikk er det muliges kunst», seier dei. Lat oss dra lasset saman, i same retning! Som ordførarkandidat for Høgre er eg topp motivert til å leia dette arbeidet.

Godt val!

Arild Stenberg

Ordførarkandidat for Høgre