Måndag er det kommune- og fylkestingsval.
FOTO: VALDIREKTORATET
Måndag er det kommune- og fylkestingsval. FOTO: VALDIREKTORATET

Slik blir valdagen i Etne og Vindafjord

Dersom du ikkje har førehandstemt er det oppmøte i heimkommunen din som gjeld på måndag. Det kan ta tid før håpefulle politikarar får svar på om dei har kome inn i kommunestyret eller ikkje.

Valvignett

For å stemme på valdagen må ein stå i manntalet i den kommunen ei skal stemme i. Dette betyr i praksis den kommunen ein er registrert busett i per 30. juni. Avdelingsleiar for kommunikasjon og service Hilde Hellenes i Vindafjord og fagleiar Beate Hetleflåt i Etne er begge tydelege på kva som er det viktigaste når ein skal stemme på valdagen.

— Hugs legitimasjon med bilete, seier dei.

Kulturhuset i Ølen er ein av dei ni stadane ein kan stemme i Vindafjord. I Etne er det tre vallokale. Arkivfoto

Alle med stemmerett skal ha fått ei valkort tilsendt digitalt eller i posten, men det er ikkje noko krav om å ha med seg dette.

Stemme i Vindafjord

I Vindafjord er det ni vallokale på valdagen, ei i kvar bygd som utgjer kvar sin krins.

Alt om lokalvalet i Etne og Vindafjord

Det er verd å merke seg at Vats har eit nytt vallokale til dette valet, nemleg bedehuset Arken. Alle vallokala har ope mellom klokka 12 og 20 på valdagen. Her er vallokala:

  • Ølen valkrins - Ølen kulturhus
  • Sandeid valkrins - Sandeid samfunnshus
  • Vikedal valkrins - Vikedal bygdahus
  • Imsland valkrins - Imsland bygdahus
  • Vats valkrins - Arken, Vats bedehus/soknehus
  • Skjold valkrins - Skjold Arena
  • Vikebygd valkrins - Vikebygd bygdahus
  • Bjoa valkrins - Bjoa skule
  • Vågen valkrins - Vågen bygdasenter

Alle kan stemme i det vallokalet i kommunen dei ønskjer. På nettsida si skriv Vindafjord kommune at stemmegivinga går raskare om ein har med seg valkortet sitt.

Desse kjempar om makta i Vindafjord kommune. Les intervju med alle toppkandidatane her.

— I nokre av dei største krinsane kan det kanskje bli litt kø til nokre tider, men ikkje lange køar. Det er snakk om potensielt fem-ti minutt, typisk i lunsjtider og rett etter vanleg arbeidstid, fortel Hellenes.

Stemme i Etne

I Etne er det tre vallokale på valdagen. På Skakke og Skånevik skule kan ein stemme mellom klokka 10 og 20, mens vallokalet Sævareid skule er ope mellom klokka 15 og 20.

Ein kan stemme kor ein vil, men på nettsida si skriv Etne kommune at det er ein fordel om ein stemmer i den kretsen ein høyrer til. Dette med tanke på å forhindra unødvendig kø i det enkelte vallokalet.

Desse kjempar om makta i Etne kommune. Les intervju med alle toppkandidatane her.

— Me håpar at det blir eit jamt sig heile dagen, men veit at det i periodar kan bli litt kø, seier Hetleflåt.

Jamt val kan dra ut

Det er vanskeleg å seie når ein kan kåre ein vinnar av vala i Etne og Vindafjord, men dei første resultata kjem klokka 21. Førehandstemmene blir talt i forkant, slik at desse er klare til publikasjon når det er lov klokka 21. Når vallokala stenger klokka 20 begynner teljinga av stemmene frå valdagen i vallokala.

Manger har røysta på førehand, men valurnene står klare for alle andre måndag.
FOTO: VALDIREKTORATET

— Resultat frå desse får me fortløpande når dei er ferdige å telja. Det er umogleg å seie eit klokkeslett, men resultata blir lagt ut på valgresultat.no så snart me er klare. Teljinga kjem nok til å gå litt seinare enn under stortingsvalet i 2021, då det er fleire setlar å telle fordelt mellom kommune- og fylkestingsvalet, fortel Hetleflåt.

Hellenes opplyser om ein liknande flyt i Vindafjord, der stemmene blir samla for endeleg teljing på rådhuset i Ølen etter å ha blitt førebels talt ute i krinsane. Ho trur teljinga kjem til å gå cirka like raskt som i førre kommune- og fylkestingsval i 2019. Verken Hellenes eller Hetleflåt kan gi noko eksakt tidspunkt for når mandatfordelinga er klar.

— Det kan dra ut til tysdag for å få eit endeleg resultat, dersom det er veldig tett og jamt. Det er særleg personstemmene som avgjer kven som kjem inn frå dei ulike partia, som kan ta litt tid, seier Hellenes.

Du kan følge valresultat og reaksjonar fortløpande på grannar.no.