Den raude streken viser traseen fra Olalia-sida tenkt i terrenget.ILLUSTRASJON
Den raude streken viser traseen fra Olalia-sida tenkt i terrenget.ILLUSTRASJON

Meir lokalt skjønn

Eg ser i Grannar av 4. jan 2024 at administrasjonen  i Vindafjord ikkje kan gi grønt lys til bygging av turveg mellom Olalia og Rus.  

For vel 10 år sidan år sidan valde Haugesund Turistforening (HT) å byggja turveg frå Opheim like inn til Olalihytta. Det var delte meiningar den gong, ikkje minst internt i HT. Sett i ettertid skal me vera glade for at dei kreftene i HT som ville leggja til rette for auka bruk og utvikling av Olalihytta, sigra. Dette var sjølvsagt eit naturinngrep, men er i ferd med å gro att. Grøfter og skråningar har fått naturleg vegetasjon, og dei mest synlege spora i dag er der tråkka er. 

Også lysløypa Opheim Fjellstøl representerer eit naturinngrep, men for folk i bygdene våre er friluftsverdien og folkehelseverdien langt større enn ulempen med inngrepet. I vårt stadig sterkare sentralstyrte samfunn slit distrikta med å vera attraktive nok til at ungdomen vil busetja seg. Dette gjeld både Etne og Vindafjord kommunar. Me har i lang tid tapt for mange av våre eigne ungdommar. 

Førande for våre lokale byråkratar bør difor vera korleis dei kan leggja til rette for at bygdene vert meir attraktive å bu i. Her har turlaget og idrettslaga alt utført mykje godt arbeid. Støtt opp om dette! 

Eg vil tru at når kommunen skal vurdera fordeler i høve til ulemper, så må det også her visast eit visst skjønn. For lokalmiljøet vil turmoglegheita ha større nytteverdi enn for den som sit i Haugesund eller Stavanger og ønskjer urørt natur. 

Mi oppfordring til våre lokale byråkratar må vera: Våg å bruka eit skjønn som i større grad tek omsyn til bygdeinteressene, sjølv om det kan gå på tvers av sentrale føringar. Vis at de har ryggrad til å stå for noko.  

Ølen 05.01.24 

Eivind Vik