Advokat Sturla Vik-Vestly (nr. tre f.v.) bistår Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe i Bevar Ålfjordens Perle juridisk i kampen mot Dommersnes-prosjektet. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Advokat Sturla Vik-Vestly (nr. tre f.v.) bistår Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe i Bevar Ålfjordens Perle juridisk i kampen mot Dommersnes-prosjektet. Arkivfoto: Svein-Erik Larsen

Dispensasjonssak på Dommersnes basert på utdatert reguleringsplan frå 1980

Vindafjord kommune har gitt Dommersnes AS løyve til oppstart av anleggsarbeid på Dommersnes i Vikebygd for fase 1. Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan frå 1980 blei handsama i november 2023, og det blei gitt løyve til tiltak som omfattar planering av eit 54 daa stort industriområde.  Statsforvaltaren, privatpersonar samt foreininga Bevar Ålfjordens Perle har sendt inn klage på dispensasjonsvedtaket.

Advokatfirmaet Responsa AS har laga eit støtteskriv til klagen frå foreininga Bevar Ålfjordens Perle, der dei skriv at løyvet ikkje byggjer på eit tilstrekkeleg plangrunnlag. Det er plankrav for tiltaket etter pbl. § 12-1, og den gamle reguleringsplanen frå 1980 ivaretar ikkje dei omsyn og interesser som plan- og bygningslova er meint å ivareta. Ved å gi løyve til at tiltaket blir gjennomført med grunnlag i ein 43 år gammal reguleringsplan, vil formålet med lova bli direkte skadelidande, og løyvet må bli rekna som ugyldig. Dersom klagen frå Statsforvaltaren og Bevar Ålfjordens Perle ikkje blir tatt til følgje, skal klagen bli handsama av settestatsforvaltar. Det er for tidleg å forskottera handsaming, men Responsa meiner det er tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at gyldigheita til løyvet blir prøvd rettsleg. (Responsa 12.01.2024)

I klagen frå Statsforvaltaren står det at tiltaket vil ha stor påverknad på naturmangfald, støy og landskapsoppleving, utan at det er sett vilkår for å avgrensa påverknaden. I tillegg føregrip kommunen ein reguleringsprosess det er varsla oppstart på. Kommunen har gitt dispensasjon før konsekvens av tiltaket er vurdert, i eit område det er konkludert med at pågåande planarbeid vil utløysa krav om konsekvensutgreiing. Framgangsmåten svekker den demokratiske planprosessen og hindrar formålet med konsekvensutgreiingsforskrifta. (Statsforvaltaren 28.11.2023)

Formålet til Plan- og bygningslova er å «fremja berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Planlegging og vedtak skal sikra openheit, føreseielegheit og medverknad for alle råka interesser og myndigheiter. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal bli greidd ut». I plan- og bygningslova står det at kommunen skal sørga for at det blir utarbeidd reguleringsplan der det er behov for å sikra forsvarleg planavklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak. Vidare står det at «for gjennomføring av større byggje- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, er det krav om reguleringsplan» (pbl. § 12-1). Plan- og bygningslova gir kommunar moglegheit til å dispensera frå lovføresegner og planar, men intensjonen er at dispensasjonar er øyremerkt tilfelle kor det er tale om mindre tiltak der avviket frå lov eller plan ikkje er omstridd eller kontroversielt, og kor planendring blir sett på som eit lite hensiktsmessig alternativ. (Holth & Winge 2023)

Naturavtalen mellom verdas land blei vedtatt i Montreal i desember 2022. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og kommunane sin organisasjon KS er samde om å samarbeida om å følgja opp Naturavtalen. Kommunane forvaltar mesteparten av areala i Noreg og er difor svært viktige for å ta vare på naturen. Mange kommunar har arealplanar som blei regulerte til utbygging for lenge sidan, og som ikkje ville blitt godkjent for utbygging med dagens kunnskap om tilstanden til naturen, verdi og toleevne. Ein planvask kan difor vera er eit viktig verkemiddel i klima- og naturforvaltninga. Kommunane står heilt fritt til å omregulera eldre reguleringsplanar tilbake til naturformål, heilt fram til det er gitt løyve til bygging. (sabima.no). I utgreiinga «Naturavtalens betydning for norsk rett» står det at plan- og bygningslova er den mest sentrale lova for oppfylling av Naturavtalen. For å gjera plan- og bygningslova til eit meir effektivt verkemiddel, blir det foreslått fleire lovendringar, bl.a.; «Det kan lovfestast eit krav om at planar eldre enn ti år ikkje gir grunnlag for handsaming av byggesak utan at kommunen har vidareført planen for ein ny tiårsperiode.» (Holth & Winge 2023).

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle meiner Vindafjord kommune sitt vedtak om dispensasjon til oppstart av anleggsarbeid på Dommersnes er ugyldig fordi vedtaket er i strid med formålet i plan- og bygningslova. Tiltaket er eit større bygge- og anleggstiltak som kan få vesentlege verknadar for miljø- og samfunn, og dei ulike klima- og miljøtema må kartleggjast og greiast ut i ei konsekvensutgreiing i samband med pågåande reguleringsplan.

Vindafjord kommune godkjente Dommersnes AS sin dispensasjonssøknad for fase 1 samstundes som det blei varsla oppstart av reguleringsplan for fase 1, 2 og 3. Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing bl.a. for tema naturmangfald, støy og landskap. Det er fleire registreringar av naturmangfald i området både på land og i sjø, bl.a. gyteområde. I Ålfjorden er det eit rikt fugleliv og det er registrert havørn, kongeørn, fiskeørn, hønsehauk og hubro. (miljødirektoratet.no). Kommunen har gitt løyve til oppstart av anleggsarbeid utan at ein har kartlagt, utgreidd eller gjort ein heilskapleg vurdering av påverknad og konsekvens for naturmangfald. Tiltaket vil som Statsforvaltaren påpeiker, ha stor påverknad på naturmangfald, og ved å sprenga ut og planera eit 54 dekar stort industriområde, vil natur, planter, fisk-, fugl – og dyreliv bli skadelidande. Det er svært kritikkverdig at kommunen gir løyve til eit så omfattande tiltak før ein får gjennomført ein registrering av kva som finst i området. Tiltaket kan også påverka naturmangfald i dei nærliggjande områda, og dermed redusera moglegheita for å gjennomføra ei fullverdig kartlegging av naturmangfald i influensområdet.

Landskapsopplevinga vil bli sterkt påverka og landskapsverdien vil bli vesentleg forringa. Utbygginga vil medføra store og skjemmande inngrep, og tiltaket vil vera synleg både på nær og fjern avstand. Utbygginga vil medføra store ulemper i forhold til støy, – luft, – og lysforureining, både i anleggsperioden og driftsperioden. Tiltaket vil gi stor risiko for støv- og støyplage.

Det er Vindafjord kommune sitt ansvar å sørga for å ha oppdaterte planar som tilfredsstiller gjeldande krav, og kommunen burde ha stilt krav om at tiltaket blei vurdert i samband med ein oppdatert reguleringsplan. Kommunen har derimot gjeve dispensasjon til eit omfattande og stort tiltak, som avvik frå lov og plan, som er omstridd og kontroversielt, og der ei planendring blei varsla samstundes som løyvet blei gjeve. I brev til Statsforvaltaren seier Vindafjord kommune at «planarbeid vil ta tid og at det er viktig for prosjektet å komme i gang med første fase så snart som mogleg for å legge til rette for viktige industriprosjekt som bygging og samanstilling av havvindmøller». Vindafjord kommune kan ikkje sjå bort frå plan- og bygningslova fordi planarbeid vil ta for lang tid. Slik form for sakshandsaming er ikkje akseptabel uansett kva som er føremålet med eit tiltak eller ein plan, og framgangsmåten svekker den demokratiske planprosessen som Statsforvaltaren skriv. Ein kan også stilla spørsmål til denne forma for sakshandsaming og framgangsmåte når ein veit at Vindafjord kommune eig 50% av selskapet Dommersnes AS.

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle ber kommunen følgja oppmodinga til Statsforvaltaren om å omgjera dispensasjonsvedtaket til avslag. Me ber kommunen følgja Plan- og bygningslova og vurdera tiltaket som del av den pågåande reguleringsplanprosessen for fase 1, 2 og 3. Me ber kommunen om å ta sin del av ansvaret for å sikra at målet til Naturavtalen blir gjennomført i Vindafjord kommune.

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle
v/styreleiar Jon Magne Svendsbøe