Tove Elise Madland frå Vindafjord er Rogaland Ap sin tredjekandidat til haustens stortingsval.
Foto: Haakon Nordvik
Stortingsrepresentant Tove Elise Madland (Ap) Foto: Haakon Nordvik

Ein gledas dag

Redaktør Nymoen skriv på kommentarplass «Ny veg kjem ikkje av seg sjølv»

Å sikra ein vintersikker veg over Haukeli, og ikkje minst å gjera utbetringar lokalt i vårt distrikt har vore lagarbeid i mange år. Så overfor redaktør Nymoen vil eg visa til at mange burde nemnast med namn, lista er lang med lokale og regionale politikarar – uansett politisk farge som har jobba inn mot Stortinget. Sjølv blir underteikna omtala som relativt fersk stortingspolitikar, men eg vil minna Nymoen om at eg har jobba for E134 i alle år eg har vore lokalpolitikar.

At ein no har lukkast å få Bakka – Mo inn i NTP, mot det Statens Vegvesen ynskja, er godt politisk handverk. Ein samla Rogalands-benk har vore tydeleg her. Som eg sa i siste møte med Haugalandsrådet, sitat: «Det å jobba frem E134 er eit lagspel, me har alle parti spela inn viktigheita av vegen. Mine uttalar fredag 15. mars var heilt tydelege på at, sitat: « Ein gledas dag som viser kor viktig langvarig innsats og lagarbeid er».

Ein relativt fersk stortingsrepresentant veit at politikk er lagarbeid. Ein bygger stein for stein om ein skal lukkast med viktige avgjersler. Så i gleda over at Bakka – Mo no endeleg er kommen inn i NTP, bør me vera rause nok til å nemna alle dei som dagleg har sin arbeidsplass langs vegen. Dei som kvar dag kan gje ærlege tilbakemeldingar om kor trafikkfarleg E134 er. Dei fortener å nemnast særskilt, det gjorde eg den 15.mars.

Tove Elise Madland

Stortingsrepresentant Arbeiderpartiet

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les fleire debatt her.