Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) tok turen til Etne.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp). Arkivfoto FOTO: Svein-Erik Larsen

Ung kvinne, vaksen mann og ein viktig vegstrekning

Det er bra at Grannar sin redaktør gler seg over at E134 Bakka – Mo er inne i nasjonal transportplan. Det er eit viktig strekk på ein viktig veg mellom aust og vest. Det er og viktig for å binde regionen saman. Så langt alt godt.

Det eg reagerer på i redaktøren sin kommentar er at det vert poengtert at «den relativt ferske stortingsrepresentantanten Lisa Marie Ness Klungland» ikkje hadde takka «den standhaftige Frp-veteranen Terje Halleland» då saka vart presentert.

Det viktigaste valet ein gjer som politikar er å velje parti. Her har Lisa, i motsetnad til Terje, valgt å engasjere seg eit distriktsparti, Senterpartiet. FrP sat 8 år med makta og fokuset var i stor grad dei store vegane inn til dei store byane. Då hjelper det ikkje at Terje er ein bra kar.

Eg veit at Terje bryr seg om lokale saker, men har du teke feil parti så vert det ingen veg. Då vert det heller ingen takk. Politikk er ikkje ein konkurranse i lang og tru teneste. Polititisk gjennomslag handler om å jobbe hardt, bygge alliansar og argumentere bra. Der vinn den «den relativt ferske stortingsrepresentanten» klart over den «standhaftige FrP-veteranen.»

Når Ap/Sp-regjeringa prioriterer opp noko som Solberg-regjeringa prioriterte ned, så vert det ingen takk til Halleland for hans innsats som Erna Solberg sin støttespelar. Vaksen mann prater om veg. Ung kvinne ordnar veg.

Geir Pollestad (Sp)
Landbruks- og matminister 

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les fleire debatt her.