Guri Ravatn (SV).
ARKIVFOTO: SVEIN ERIK LARSEN
Guri Ravatn (SV). ARKIVFOTO: SVEIN ERIK LARSEN

Lytta – eller snakka og bruka tid?

I eit debattinnlegg spør Egil Sundve mellom anna om kvifor politikarane i Vindafjord er så tause. Tema for spørsmåla er Dommersnes og havvind og folkemøtet i Vikebygd før påske. Sundve er og kritisk til at ikkje alle parti og alle representantar var på møtet. Svaret her er ganske enkelt at ingen kan vera meir enn ein plass om gangen.

Ordføraren sende påminning om møtet til alle parti og melde at han sjølv på anna møte den kvelden. Slike kollisjonar skjer, mellom anna for Vindafjord SV, då det var folkemøte arrangert av AF Decom. I Vikebygd var  SV til stades. Eg valde å vera lyttande til det folket hadde på hjarta og ikkje bruka opp «deira», viktige tid. På den måten fekk eg nyttig informasjon. Nyttig på så mange vis, også når utbyggar ikkje kunne gje gode svar.

Folkevalde har nytte av å møta veljarane. Me må skaffa oss så mykje informasjon det lar seg gjera, om tema som skal opp som sak i politiske organ. Ved stemmegjevinga der, er det dei verkelege meiningane og standpunkta vert synlege. Tema Dommersnes har vore til politisk handsaming ein gong i kommunestyret og to gonger i formannskapet. Her har alle vedtak vore einstemmige. I kommunestyret stemte også SV for å danna Dommersnes AS. Men, etter selskapsavtalen vart kjend, har skepsisen vår auka. Vindafjord SV foreslo for kommunestyret at dispensasjonssøknaden for utbygging av Fase 1 skulle til politisk handsaming. Grunngjevinga for dette var tredelt: 1. Statsforvaltaren rådde frå, 2. Den over 40 år gamle reguleringsplanen harmonerer ikkje med noverande Plan- og bygningslov og 3. Det er uheldig at Vindafjord kommune både er utbyggar og gjer vedtak i ei omstridt sak. Dette  framlegget fekk kun stemmer frå Vindafjordlista og SV.

Etter dette har administrasjonen ennå ein gong gjort vedtak om oppstart av utbygginga i Fase 1, utan å sjå alle tre fasane i samanheng. Dette er ikkje slik SV vil ha det. I dei fora me får «sitja ved bordet», skal Vindafjord SV støtta ønsket frå «Bevar Ålfjordens perle» om å sjå heile området under eitt, slik også Statsforvaltaren tilrådde.

Guri Ravatn

Gruppeleiar Vindafjord SV