Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.
FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar. FOTO: RINA ASPMO

Unyansert av kommuneleiinga

I eit debattinnlegg med tittelen «Unyansert i Grannar», som blei publisert digitalt på grannar.no 15. april og i papiravisa 18. april i år, kritiserer kommuneadministrasjonen i Etne med kommunedirektør Filippo Ballarin i spissen ein artikkel som Grannar publiserte 10. april. Artikkelen handlar om at direktøren i konsulentselskapet Einang Safety Consult hadde sett seg nøydd til å sende ein e-post til Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB). I e-posten gjer han greie for at han ville komme med nokre kommentarar til DSB etter at ueinigheitene rundt den omstridde brannordninga i fleire artiklar blei omtala i media, og i formannskapsmøtet på kommune-tv 5. mars.

Kommuneleiinga gjer i sitt debattinnlegg eit poeng av at dei ikkje har fått høve til å kommentere saka. Til det er det for meg som redaktør å seie at denne enkeltartikkelen er ein av mange i Grannar si etter kvart langvarige dekning av ein betent konflikt mellom brannvesenet og leiinga i kommunen. Brevet frå Einang Safety Group til DSB har Grannar med heimel i offentleglova kravd og fått  innsyn i hos direktoratet, og formidla innhaldet av. Dette er vanleg journalistisk metode. Nyheitspoenget i saka om brevet til DSB, var ikkje noko anna enn at konsulenten hadde funne grunn til å reagere på ting som tidlegare hare vore uttrykt både trykk i Grannar, og for open mikrofon, i eit opent møte.

Der er viktig for meg å understreke at det ikkje er noko i den omtala artikkelen som ut frå pressa sitt etiske regelverk, Ver varsam-plakaten, utløyser krav til samtidig imøtegåing. Det er det krav til når nokon blir utsett for alvorlege påstandar, noko som ikkje var tilfelle i den omtalte artikkelen. Og når dei kommunale leiarane skriv at, sitat: «Det som ikkje kjem fram i Grannar sin artikkel, er at det har vore mykje god dialog, samarbeid og oppklaringar i denne prosessen. Det har ikkje me hatt moglegheit til å informere Grannar om», så er dette feil. For om kommuneleiinga har hatt eit ønskje om å gi eit tilsvar til saka, så har Grannar si dør stått open. Men ein slik førespurnad har ikkje Grannar fått frå kommuneleiinga. Korkje knytt til denne enkeltartikkelen, eller i dekninga av konflikten i brannvesenet elles.

Det einaste som har kome til oss på kommunen sitt eige initiativ knytt til avisa si dekning tidlegare er ei pressemelding. Den kom den 22. mars. Eit av bodskapa var at kommuneleiinga gav uttrykk for at dei tok sjølvkritikk for delar av arbeidet med den såkalla brannordninga. Pressemeldinga gav elles så lite informasjon at Grannar på vegner av lesarane og ålmenta elles nokre dagar seinare stilte åtte skriftlege spørsmål til kommunedirektør og kommunalsjef om innhaldet. Der og då fekk kommuneleiinga ei særs god anledning til å gi lesarane gode og utfyllande svar. Men alt me me fekk til svar var, sitat: «No ønskjer me å gje dette arbeidet ro. Me vil kunne gå meir i detalj når tiltaksplanen er ferdig handsama». Sitat slutt. Dei åtte spørsmåla me stilte kommuneleiinga publiserte me i ein artikkel som blei publisert 27. mars. Kommunen har framleis ikkje svara på desse.

Det er med ei viss uro eg konstaterer at kommuneleiinga i Etne ikkje vil svare lesarane på relevante spørsmål i ei så viktig sak som brannberedskap er for innbyggarane. Eg forstår at kritikk – spesielt frå eigne rekker, som har vore tilfelle i saka om brannordninga – kan skape støy for kommunale leiarar. Og at spørsmål frå journalistar gir meirarbeid. Men det er noko av det som ligg til ei leiarstilling i det offentlege å handtere. Og det bygger neppe tillit til innbyggarane å ikkje svare på spørsmål i saker kommunen må forstå er naturlege å skrive om, og som lesarane vil ha svar på.

I debattinnlegget, som er signert kommunedirektør Filippo Ballarin, kommunalsjef Åsmund Andersen Sekse, brannsjef Finn Ulvund og dagleg leiar Paul Henriksen i Einang Safety Consult skriv dei at det er viktig at dei får gjennomføre arbeidet med brannberedskapen utan, sitat: «negativ medieomtale». Eg kan love lesarane at Grannar skal halde fram med å stille spørsmål om brannberedskapen. Og vonar at dei som sit med ansvar ser verdien av å gi lesarane og innbyggarane i Etne svar.

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør

debatt@grannar.no

Har du ei mening om denne saka? Send ditt debattinlegg til debatt@grannar.no

Les meir debatt her.