Julie Lysholt

Julie står konfirmantn i Etne kyrkje 4. mai, og denne dagen har ho på seg sunnhordlansbunad med raud vest. Affeksjonsverdien for Julie er stor, for heile bunaden har ho arva etter oldemor som kom frå Skånevik og som døydde for to år sidan. 
 
Sunnhordlandsbunad
Sunnhordlandsbunaden blei til på starten av 1950-talet og er utarbeida av Stord Husflidskule. Bunaden byggjer på gamal draktskikk frå 1800-talet. Livet på bunaden blir laga i raudt, grønt eller blått toskafts ullstoff eller ulldamask. Bringeduken er enten brodert eller vevd, og er kanta med stakkestoff. Beltet er også brodert eller vevd, og for gifte kvinner blir ofte stølebelte brukt. Stakken er i svart eller mørkeblått toskafts ull, og forkle er enten i kvitt lin med mellomverk i uttrekkssaum. Eller i mørkeblått ullstoff med mønsterinnslag vevd i krokbragd, med smettebord i kvitt.
Innbuforsikringa og reiseforsikringa dekkjer allereie mykje av skaderisikoen for deg som bunadseigar. Så sant du ikkje er redd for å få pølseketsjup og softis på bunaden. ARKIVFOTO

Du treng ikkje bunadforsikring – med mindre du fryktar søl