Frå eit bålkaffi-treff ved området til Olav Vik-stiftinga i 2022.
ARKIFOTO
Frå eit bålkaffi-treff ved området til Olav Vik-stiftinga i 2022. ARKIFOTO

Tankar om friluftsområdet på Osnes

Dei siste åra har området ute på Osnes opna seg opp etter at skogen Olav Vik i si tid planta vart hogstmoden og hoggen. Olav Vik, forfattaren og skogsmannen, hadde eit brennande hjarta for skogen og skogreising i åra etter krigen og fram til han gjekk ut av tida. Han testamenterte eigedommen sin til ei stifting som skal skjøtta den etter hans ynskje.

Eg busette meg i bygda i 1980 og fekk gleda av å bli kjent med Olav Vik, og har frå eg kom til Etne vore ein aktiv brukar av området i ulike samanhengar som treningsturar, opplevingsturar med borna, ta med gjester i området og diverse opplegg med skuleklassar.

Eg reflekterte ikkje så mykje over det i den tida, men har gjort det no etter at skogen er hoggen. Du verda for eit flott område som opna seg mot fjorden, og dette må ikkje plantast til att på same vis. Initiativtakarane  som har  lagt til rette for Frisbee Golf har gjort ein kjempejobb i området med rydding og tilrettelegging. Området er i bruk som aldri før. Stiftinga har tilrettelagt nye grusstiar i området og etablert eit arboret, Fin paviljong er sett opp for bruk til grilling mm. Flotte tiltak som er med på å auka bruken av området.

Areala Olav Vik planta til, var beiteland eller kulturbeite, som høyrde til garden og hadde lite eller omtrent ikkje skog. Beitedyra haldt den nede. Diverre var det vanleg over heile Vestlandet at slike kulturbeite etter andre verdskrigen vart planta til, i ei tid jordbruket hadde tilbakegong. Ein såg på det som ei investering i framtida for garden å planta på desse områda. Olav Vik nytta og skogen han planta på eigedomen, til å spreia informasjon om ulike treslag. Skogsstien på Osnes hugsar alle som har levd ei stund.

No er tida just den rette til å ta ein fot i bakken og spørja om ein vil planta til att dette området og  innskrenka arealet som kan nyttast til rekreasjon og friluftsliv. Eg veit ikkje kva føringar stiftinga har i sitt arbeid, men veit at det juridisk kan vera utfordrande å endra på vedtekter. Likefullt meiner eg det er på sin plass å ta opp problemstillinga.

Eg meiner at det rette er å sjå på heile arealet på nytt. Korleis vil ein bruka dei ulike områda. Kva område skal nyttast til produktiv skog og kva skal nyttast til friluftsliv, rekreasjon og anna aktivitet. Ved å laga ein god arealplan der ulike omsyn vert tilgodesett, bør ein unngå at  store område vert planta til att. Området som i dag er nytta til Frisbee golf, bør ein ikkje planta til, men laga øyar med blandingsskog og halda landskapet ope mot fjorden. Landskapet vert då ført meir tilbake til slik det ein gong var.

Ved å gjera dette området meir retta mot friluftsliv og rekreasjon, vil ein også koma meir inn i målgruppa for støtte frå ulike stiftingar som gjev midlar til slike formål. Det har vore ein kamp for stiftinga å ha midlar til å skjøtta og utvikla området. Osnes er ein av dei vakraste stadane i Etne, der det ligg vendt både mot Etnefjorden og den vene Osvågen. Skog er ikkje mangelvare, men   friluftsområdet på Osnes, slik det er no, er unikt og må utviklast vidare med dette som utgangspunkt.

Erling Askeland