Kristian Veseth (NMK Bergen) køyrer i mål like framfor Rudi Andres Rossland (NMK Bergen) under sesongopninga på Vikedal Motorbane i mai. I august skal det køyrast NM-runde på banen. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kristian Veseth (NMK Bergen) køyrer i mål like framfor Rudi Andres Rossland (NMK Bergen) under sesongopninga på Vikedal Motorbane i mai. I august skal det køyrast NM-runde på banen. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 1 av 10
Vikedal Motorbane er den einaste i sitt slag på Haugalandet. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vikedal Motorbane er den einaste i sitt slag på Haugalandet. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 2 av 10
Leiar Karina Nonslid i NMK Vikedal var glad for fint vêr under sesongopninga. Ho gler seg til NM-runden. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Leiar Karina Nonslid i NMK Vikedal var glad for fint vêr under sesongopninga. Ho gler seg til NM-runden. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 3 av 10
Løpsleiarassisten Katrine Tveit-Runge flagga til sjåførane når dei var ferdige. Foto: Svein-Erik Larsen
Katrine Tveit-Runge synest det er eit godt miljø i motorsporten. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 4 av 10
Speaker Henning Aarekol (f.v.) og assistenten Anders Lønning sørga for at folk hang med på det som skjedde på banen. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Speaker Henning Aarekol (f.v.) og assistenten Anders Lønning sørga for at folk hang med på det som skjedde på banen. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 5 av 10
Åsmund Holten før løpsstart i sesesongopninga. Han blir heimehåpet under NM-runden. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Åsmund Holten før løpsstart i sesesongopninga. Han blir heimehåpet under NM-runden. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSENBilde 6 av 10
Det er betydeleg lenger mellom motorbanane på Vestlandet enn Austlandet. Helganes Motorpark på Karmøy har ikkje bane for rallycross, så banen i Vikedal er den einaste mellom Bergen og Egersund som gjer det. Skjermbilete: Google Maps
Det er betydeleg lenger mellom motorbanane på Vestlandet enn Austlandet. Helganes Motorpark på Karmøy har ikkje bane for rallycross, så banen i Vikedal er den einaste mellom Bergen og Egersund som gjer det. Skjermbilete: Google MapsBilde 7 av 10
Landsfinalen i Vikedal
Publikum i Vikedal har glimrande oversikt over heile banen. Her frå Landsfinalen i fjor. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 8 av 10
Glimt frå Landsfinalen i bilcross på Vikedal motorbane 19. august 2023. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det kunne bli trangt om plassen inn mot svingane UNDER LANDSFINALEN I FJOR. Her er Stian Espevold frå NMK Vikedal i tet, men Sølve Østbø i gul bil vant til slutt denne innleiande runden. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 9 av 10
MX-trening for unge i Vikedal
Her demonstrerer instruktør Jonas Olsson kor viktig det er at kropp og sykkel spelar saman under ei MX-trening i fjor. Olsson er ein av instruktørane på årets MX-camp. ARKIVFOTO: NILS TOKHEIMBilde 10 av 10

Unike motoropplevingar på grusen

Vikedal Motorbane er den einaste i sitt slag på Haugalandet. I august kjem truleg fleire tusen tilskodarar for å sjå dei beste rallycross-sjåførane i landet køyre NM.

— Me håpar på på publikumsrekord. Då må me vel opp i 3.000-4.000 tilskodarar, som på Landsfinalen i fjor, seier leiar Karina Nonslid i NMK Vikedal.

Vikedal Motorbane blei bygd som bilcrossbane i 1982 og 11. november same år blei NMK Vikedal skipa. Året etter arrangerte klubben sitt første bilcrossløp på banen og våren 1986 hadde dei sin første NM-runde i rallycross.

Banen og NMK Vikedal sine andre fasilitetar har blitt merkbart utvikla gjennom åra. Fram til NM-runden i 1997 var det grus i målsvingen, men då blei det lagt betongdekke der. Seinare har det blitt lagt asfalt over betongen. Dei siste åra er bygningsmassen oppgradert med nytt sanitærbygg i 2001 og nytt kjøkken/kiosk. I 2006 blei det investert i nytt rekkverk, som gjorde at banen fekk eit alternativspor. For bilcross går det ned asfaltbakken over start.

I 2024 blir det konkurrert i rallycross, bilcross og motocross på banen.

Vikedal Motorbane er den einaste i sitt slag på Haugalandet. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Som ein stor festival

I år går den fjerde runden i NM i rallycross av stabelen i Vikedal laurdag og søndag 10.-11. august. Karina Nonslid, Rita Skeie, Katrine Tveit-Runge og Amalie Rønnevik i NMK Vikedal fortel at det blir kjekt og stas å få NM til banen. NM-sølvvinnar frå 2021 Åsmund Holten blir klubben sin heimehelt i konkurransen.

Styremedlem Tveit-Runge håpar på bra vêr og mykje publikum. Ho omtalar bilmiljøet som inkluderande og prega av ein vennleg tone der aller hjelper alle. Frå eit turistperspektiv ser ho arrangementet som kjekt og spennande, også for dei som ikkje har vore spesielt interesserte i bilsporten.

— Du treng ikkje ha eit forhold til dei som køyrer. Speakeren får deg inn i det, forklarar Tveit-Runge.

Leiar Nonslid seier at publikum kan vente seg mykje fart og spenning under NM-runden. Det blir laga til ein campingplass ved banen. Klubbleiaren poengterer at det er eit ope område, så det er plass til mange.

— Livet på anlegget blir som ein stor festival, seier Nonslid.

Publikum i Vikedal har glimrande oversikt over heile banen. Her frå Landsfinalen i fjor.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Får prøve seg fram

I tillegg til bilkøyring har motocross blitt ein viktig del av NMK Vikedal. Leiar Nils Reimers i MX-gruppa opplyser at oppmøtet på to MX-treningar i veka normalt ligg på mellom 14 og 20 deltakarar.

I tillegg har klubben ein MX-skule for barn opp til 16 år. Her er det også syklar til låns som barna kan bruke. Ein treng lisens for å få vere med på skulen. Dette får ein gjennom medlemskap, og i samband med skulen er det mogleg å skaffe seg billige dagsmedlemskap for dei som vil prøve seg fram. MX-skulen starta i 2019 og har vore ein viktig faktor for at talet folk som driv med motocross i klubben har gått frå 28 til 150 i perioden. Reimers fortel at rundt 40 barn har gått gjennom skulen kvart år.

— Målet med skulen er å lære dei det grunnleggande i sporten og at dei skal få prøve seg før dei vurdere å gå til innkjøp, seier MX-leiaren.

Her demonstrerer instruktør Jonas Olsson kor viktig det er at kropp og sykkel spelar saman under ei MX-trening i fjor. Olsson er ein av instruktørane på årets MX-camp. ARKIVFOTO: NILS TOKHEIM

Mykje av opplæringa når ein begynner på skulen er knytt til sikkerheit. Grunna dette, og omsyn til barna som ein ikkje vil ta rett inn og ut av noko dei likar, fortel Reimers at dei ikkje oppmodar til at barn som berre er innom på ferie til å bli med på skulen. Det stiller seg annleis om ein er aktiv i ein klubb på heimstaden sin. MX-treningar og skule kjem til å halde fram gjennom sommaren.

Fredag til søndag 12.-14. juli blir det arrangert sommarcamp for MX. Kapasiteten til campen er 40 deltakarar. Ein kan skaffe seg eit kort medlemskap for campen og låne syklar frå skulen. Reimers oppmodar folk til å melde barna på snarast, men fortel at dei pleier å ha nokre restplassar fram til omlag ei veke før. Han fortel at det kjem til å vere erfarne trenarar og leiarar der. Campen har trekt til seg folk frå heile Vestlandet og nokre gonger også austlendingar.

Vikedal motorbane

Banelengde: 919 meter.
Bredde startplate: 15 meter.
Bredde: 10–15 m.
Underlag: 60,2 prosent grus og 39,8 prosent asfalt
Asfalt på startplate og køyreretning med klokka.