Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil vaksinere vaksne.
Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Statsbudsjettet
Vestre vil vaksinere vaksne
Eit systematisk program for vaksenvaksinasjon er blant forslaga til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i statsbudsjettet.
NPK-NTB: – Vi tek grep for å få på plass eit veksevaksinasjonsprogram. Målet er at oppslutninga om vaksinasjon skal auke for å førebyggje sjukdom, sjukefråvær og dødsfall, og derfor vil vi også innføre eit system for påminningar om vaksinasjon, seier Vestre i ei
pressemelding.
Målet er å sikre eit tilbod om vaksinasjon mot fleire sjukdommar for vaksne og personar i risikogruppene. I første omgang skal det bli tilbydd vaksinar mot korona, influensa og pneumokokksjukdom, for personar frå 65 år og oppover og dessutan folk i risikogruppene.
Det blir foreslått at vaksinar mot korona- og pneumonokokksjukdom blir ein eigendel gitt på inntil 25 prosent.
(NPK)