Usemjeg om planlagd regulering av gamalt ekspropriert område.
Andreas Grumheden (Ap) er varaordførar i Etne. ARKIVFOTO FOTO: Nils Tokheim

Vil oppkjøp av Skakke skapa ei varig løysing?

Eg vonar at dei som har følgt saka om Skakke dei siste 10 månadene har fått med seg den føreslegne løysinga frå Sparebankstiftinga Etne. Løysinga består hovudsakeleg av to vilkår for at stiftinga skal gi gåva på 30 mill. Ei omdanning av selskapsform frå samvirkeforetak (SA) til aksjeselskap (AS) og ein avtale mellom stiftinga og kommunen der kommunen overdreg 54 prosent av eigarskapet i Skakke AS til stiftinga (etter omdanning).

Det er verdt å merka seg at grunna krav i forbindelse med spelemidlane som var med å finansiera Skakke, vil ikkje stiftinga kunne eige 54 prosent av selskapet sjølv. Ein har då føreslått å gje 11 prosent til ein part utanfor dagens Skakke. Sjølv om eg finn framgangsmåten til stiftinga merkeleg til tider, og om eg er prinsipiell ueinig i forslaget om oppkjøp, er eg sikker på at dei som er vald inn i styre og stell i stiftinga opptrer med det beste for Skakke i tankane. Me har nok som felles mål å sørga for ei langsiktig og varig løysing som sikrar Etne det fantastiske tilbodet som Skakke gjev.

Eg har i eigarmøte i Skakke og i formannskapet tatt opp fleire prinsipielle spørsmål rundt oppkjøpet. Spørsmål eg dessverre ikkje opplev at stiftinga er interessert i å svara på. Eg har og forsøkt å få klarheit i kva vedtak dei styrande organa i stiftinga har gjort og kvifor det er så viktig for stiftinga å vera ein aktiv part i drifta av eit kulturhus. Dessverre er det ikkje offentlege møter eller protokollar i stiftinga. Eg finn det rart at dei som er valde til å forvalta fellesskapets pengar ikkje ynskjer at det dei diskuterer og vedtar er offentleg. Dette hadde nok bidratt til mindre spekulering rundt årsak og motiver.

Som stadfesta er det eit vesentleg punkt i tilbodet frå stiftinga at ein gjer ei omdanning frå samvirke til aksjeselskap. Eit resultat av denne omdanninga er at fleire av laga som i dag er eigarar sit att med ein veldig beskjeden eigardel, eller som forsvinn som eigarar i sin heilskap. Kva som er stiftinga sin plan veit me ikkje, men det skapar usikkerheit for framtidig eigarstruktur. Om sluttspelet etter denne prosessen er at stiftinga deler ut sine aksjar til dei laga som er forfordelte under omdanninga til AS, så undrar eg på om denne omdanninga i det heile er nødvendig.

Stiftinga har gjennom heile prosessen meint at det er kommunen som er årsak til dei økonomiske problema i Skakke, og dei meiner,: «at det ikke er ønskelig med fortsatt kommunalt eierskap av noen størrelse». Eg utfordrar dei igjen til å vise korleis kommunen har brukt si makt til å påverke leigeprisen på tross av meiningane til dei andre eigarane. Ein har aldri brukt eigarmakta si i årsmøtet til å trumfe gjennom noko vedtak. Tvert i mot har kommunen sidan Skakke stod ferdig bidratt med nesten 10 millionar i tilskot og investeringar, og 4 millionar i rentefritt lån. Nytt i innlegget i Grannar er eit punkt om at dei vil vera forhindra frå å gje gåver til Skakke om kommunen eig «for stor del av Skakke». Då lurer eg på kor stor del dette er? For stiftinga har gjeve store summar i gåve til Skakke med dagens eigarforhold. Eg har leita i vedtektene til stiftinga og finn ikkje noko slikt hinder. Det finnes heller ikkje noko i finansforetakslova som er til hinder for slike gåver.

Vil den føreslegne løysinga vera varig? Og vil den gje Skakke og eigarlaga fred framover? Eg trur svaret på begge spørsmåla dessverre er nei. Eg trur ein med denne løysinga vil møta ein lang rekke ueinigheiter mellom stiftinga og kommunen. Kommunen vil nok ynskje å reforhandle sameige avtalen, sidan ein i dag betaler for 2/3 av kostnadene, men eig 1/3 av areala. Stiftinga har signalisert at dei ynskjer å reforhandle leigeavtalar då dei ser for seg at leigetakarane skal bidra med betrakteleg meir i leige. Det er usikkert om dei meiner det berre er kommunen, eller om også dei andre leigetakarane må tole ei kraftig auke. Eg er ikkje sikker på at ein klarer å finna politisk fleirtal til ei slik auke og ein må kanskje redusere antal timar og kvadrat ein leiger hallen?

Eg og dei fleste eg snakkar med er einige i at me treng ei løysing på denne saka, og at me treng den raskt. Det er stor slitasje for alle partar når denne saka dreg ut. Me i Arbeiderpartiet har foreslått ei løysing der kommunen og stiftinga deler på nedbetalinga av gjelda til Skakke, med 15 millionar kvar. Bidraget frå både kommunen og stiftinga blir gjeve utan vilkår, men ein kan gjerne inngå ein intensjonsavtale som sikrar eit profesjonelt styre. Denne avtalen må og dei andre eigarane vera ein del av. Me meiner og kommunen kan forplikta seg til eit tidsavklara ekstra driftstilskot. Dette kan til dømes gjelde dei neste 5 åra. Med ei slik løysing går ein bort frå ei omdanning og den støyen det fører med seg. I tillegg vil stiftinga ha 15 millionar frisk kapital til å bidra i andre spanande prosjekt som bygda kan ha nytte av.

Sjølv om stiftinga har fastslått at dei ikkje har meir å diskutera, og at tilbodet er å sjå på som eit ultimatum, håper eg verkeleg at me kan ta ein siste runde og forsøke å løyse dette utan at ein skaper steile frontar. Eg trur den løysinga me i Arbeiderpartiet foreslår kan vera noko fleire av eigarlaga stiller seg bak. Eg er klar på kort varsel, og kan i tilfelle stille med møterom og kaffi om det er interesse.

Andreas Grumheden

Gruppeleiar Etne Arbeiderparti

Ivrig brukar av Skakke

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send inn ditt debattinnlegg til debatt@grannar.no