Røykvarslardagen 1. desember er ein god anledning til å sjekka at røykvarslarane i heimen fungerer som dei skal. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Røykvarslardagen 1. desember er ein god anledning til å sjekka at røykvarslarane i heimen fungerer som dei skal. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Denne enkle testen kan redda livet ditt i jula

Heile 11 av dei totalt 35 dødsfalla knytt til brann i 2023 skjedde i julemånaden, opplyser Brannvernforeininga. Framleis er det for mange som ikkje har røykvarslarar som fungerer.

Peiskos, matlaging, levande lys og meir bruk av elektrisk utstyr gjer at jula og vinteren er høgsesong for brann.

– At ein ikkje har fungerande røykvarslar i heimen, kan samanliknast med å køyra bil utan bilbelte, seier Johan Marius Ly, avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, i ei pressemelding.

3 prosent har ikkje røykvarslarar i heimen, og 2 prosent er usikre på om dei har, viser ei undersøking Ipsos utførte i anledning Røykvarslardagen i 2023.

Det vil seia at 300 000 personar går jula i møte utan den viktigaste livreddaren i heimen.

– Ta eit ekstra ansvar for dine næraste før jul. Sjekk om foreldre, besteforeldre eller andre nære har fungerande røykvarslarar, seier Ly.

Mange er heller ikkje klar over at røykvarslaren bør fornyast etter 10 år, ifølgje den same pressemeldinga:

– Produksjonsdatoen finn du på baksida, og om han nærmar seg ti år eller meir, bør han bytast ut med ein ny, forklarar Rune Siewartz Nielsen, brannekspert i Gjensidige Forsikring.

– Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen må kunna høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka. Det anbefalast difor at du har røykvarslar på soverommet. Vi oppfordrar også til at alle bustader blir utstyrt med seriekopla røykvarslarar, slik at alarmen kan høyrast samtidig i heile huset. Dette er spesielt viktig i bustader med fleire etasjar, seier branneksperten.

(©NPK)