Eggmangelen i Noreg gjer at importen av egg frå utlandet har auka kraftig. Men egga må leverast med ein garanti for at dei er fri for salmonella viss dei ikkje kjem frå Danmark, Sverige eller Finland. No har endå ein importør måtta kaste egg på grunn av manglande dokumentasjon. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Må kaste over 10.000 egg etter ulovleg import

Ein importør må kaste 450 kilo egg – 10.800 egg totalt – etter ulovleg import frå Nederland. Det er andre gong sidan i sommar at ein importør må kaste egg.

Årsaka er at egga ikkje kom med salmonellasertifikat frå den nederlandske leverandøren. Det er eit sertifikat som garanterer at egga er fri for salmonella, skriv Nationen.

Selskapet som importerte dei nederlandske egga, er Asian Food Import. Dei stadfestar at alle 360 bretta med egg er samla inn og destruerte.

Førre veke skreiv avisa om ein annan importør, Exotic Fruits, som måtte gjere det same i august med over 20.000 egg.

Importen av egg til Noreg har auka dei siste månadene på grunn av den pågåande eggmangelen i den norske marknaden.

Dersom selskap importerer egg frå Danmark, Sverige eller Finland, er det ikkje krav til slik garanti for salmonella. Dette fordi dei nemnde landa, til liks med Noreg, ikkje har salmonellasmitte i egga sine.

Tolletaten har eit samarbeid med Mattilsynet der dei varslar tilsynet kvar gong egg importert frå land utanfor Norden blir prøvd å fortolle.

(©NPK)