– Rettsavgjerder i alle tre saker er venta å liggje føre samtidig i løpet av veka etter den frivillige lønnsnemnda, skriv Rikslønsnemnda på nettsidene sine.
LO Stat valde å gå inn i frivillig lønnsnemnd i juni, etter at medlemmene stemde nei til resultatet av forhandlingane mellom stat og forhandlingsutval.
– No står Rikslønsnemnda ved ein korsveg i norsk tariffhistorie. Vi kjempar for medlemmene våre i den behandlinga vi skal inn i. Målet vårt er like tariffavtalar og å sikre lønnsutvikling for alle, seier leiar Kjersti Barsok i Norsk Tjenestemannslag (NTL) i ei pressemelding.
I vår gjekk Akademikerne og Unio til streik i staten. Regjeringa valde å gå inn med tvungen lønnsnemnd etter høvesvis éi og halvanna veke. Bakgrunnen for streiken var at staten kravde at ein skulle gå tilbake til éin enkelt tariffavtale for statstilsette.
Sidan 2016 har det nemleg vore to avtalar – éin for tilsette organisert i YS og LO, og ein annan for Akademikerne- og Unio-medlemmer. LO og YS ønskjer også å gå tilbake til éin avtale, medan Akademikerne og Unio vil behalde avtalen sin, der lønnsforhandlingane skjer i kvar enkelt verksemd.
– Vi går inn i nemnda med ei sterk tru på at vi får medhald. Avtalen vår har fungert veldig godt, ikkje berre for medlemmene våre, men også for verksemdene, sa leiar Kari Tønnessen Nordli for Akademikerne stat i ei pressemelding før deira sak vart behandla, 7. november.
(©NPK)