Ny lov skal forenkle forholdet mellom stat og kommune

Ny lov skal forenkle forholdet mellom stat og kommune

Frå nyttår skal det ifølgje kommunalministeren bli slutt på at kommunane får delegert oppgåver gjennom diverse rundskriv. Det skal ei ny lov sørgje for.

− Vi vil forenkle og rydde opp i forholdet mellom staten og kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Norsk byråkrati har opp gjennom tidene fått gjennomgå, ikkje minst frå Norsk Dusteforbund, som harselerte over diverse departementale rundskriv.

No skal kommunalministeren setje skapet på plass.

– Denne veka har vi fått Stortinget med på å rydde opp i styringa av Noreg. Dette vil gjere det enklare for kommunane å finne fram i alle lover og reglar som råkar dei, og det vil styrkje det lokale sjølvstyret, seier statsråden i ei pressemelding.

– Ryddar opp

Meir presist har regjeringa fått Stortinget med på lovendringar som sikrar at oppgåver som blir pålagde kommunar og fylkeskommunar, skal fastsetjast gjennom lover eller forskrifter.

Viss dette skulle verke uklart, utdjupar ministeren vidare:

– Vi vil rydde opp for kommunane. Mange snakkar i desse tider om behovet for forenkling og avbyråkratisering som gjer det enklare for kommunane. Det skal vere lover og forskrifter som er bindande for kommunane, ikkje annan informasjon som måtte komme fram av rundskriv eller rettleiarar, forklarer Sande.

Lovendringane skal også minne om at kommunar og fylkeskommunar ikkje skal styrast som om dei er ein del av staten, heiter det vidare.

– Stortinget bør også ta stilling til kva oppgåver som skal leggjast til kommunane. Oppgåvene skal derfor vedtakast i lov eller forskrift, og dei skal finansierast. Desse lovendringane bidreg til å sikre dette, seier Sande.

– Framleis ein veg å gå

For at lova skal tre i kraft frå 1. januar 2025, må Stortinget vedta lova ein gong til. Det blir neppe noko problem, meiner statsråden:

– Eg er glad for at eit breitt fleirtal i Stortinget har slutta seg til dette forslaget. Det ryddar opp på eitt felt og er dermed eit steg i rett retning, men vi skal halde fram med å gå gjennom forholdet mellom staten og kommunesektoren, ser Sande.

Med andre ord er arbeid med å forenkle forholdet mellom stat, kommune og fylkeskommune neppe over med dette.

(©NTB)