Nye krav til kjeldesortering på jobben kjem i 2025. Foto: Miljødirektoratet.
Nye krav til kjeldesortering på jobben kjem i 2025. Foto: Miljødirektoratet.

Nye krav til kjeldesortering i 2025: Vi må kjeldesortere meir på jobb

Frå 1. januar 2025 kjem det nye krav til kjeldesortering. Mellom anna på arbeidsplassen må kjeldesortering av fleire typar avfall på plass, meiner Miljødirektoratet.

Det er allereie krav til kjeldesortering av matavfall, plastavfall og park- og hageavfall. Dei nye krava vil i tillegg gjelde papp- og papiravfall, glas- og metallemballasje og tekstilavfall.

Alle kommunar og verksemder som produserer «hushaldsliknande avfall», avfall som liknar på det vi kastar heime, er omfatta av desse krava og må legge til rette for kjeldesortering.

– Fleire land i Europa har allereie nådd avfallsmåla til EU, men Noreg har ein lang veg å gå. For at Noreg skal klare å vinne att ein større del av avfallet vårt, må vi kjeldesortere meir, og fleire typar avfall. Dette gjeld anten vi er heime, på jobben eller på hytta, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Noreg er gjennom EØS forplikta til å nå EU sine krav til gjenvinning. I 2022 nådde Noreg berre 55 prosent av målet EU har sett for 2025. Låg grad av sortering av bio-, plast- og tekstilavfall vart peika på hovudårsakene til dette.

(©NPK)