Dette vart diskutert i eit internt møte i Noregs Banks representantskap, som fører tilsyn med banken. Her vart det stilt spørsmål om årsakene til omdømmefallet og bruken av ressursar på podkasten til fondet, skriv E24.
Sidan mars 2022 har podkasten til fondet hatt besøk av profilar som Elon Musk, Sam Altman og Jensen Huang.
Ifølgje Julie Brodtkorb som leier Noregs Banks representantskap, vart det under møtet gjort greie for at ressursbruken på podkasten er avgrensa.
Oljefondet er det største statlege investeringsfondet i verda, med ein verdi på over 19.000 milliardar kroner, og fondet har eigardelar i dei fleste gigantselskap.
Fondet måler eige omdømme i befolkninga gjennom ei undersøking med 1000 respondentar annakvart år. Representantskapet spurde på møtet, som var i juni, om kva som kan liggje bak omdømmefallet.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache svarte at «nivået framleis er høgt», sjølv om det har vore nedgang, ifølgje referatet.
Kommunikasjonssjef Line Aaltvedt skriv i ein e-post til E24 at fondet ikkje veit nøyaktig kva som forårsakar variasjonane, men nemner at fleire respondentar i januar 2024 uttrykte bekymring over dårlegare økonomi og auka renter, og dessutan at dei ikkje ser korleis fondet blir brukt på dagens generasjonar.
(©NPK)