Rekordåret til norske treningssenter vitnar om at nordmenn prioriterer både fysisk og psykisk helse. Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK
Rekordåret til norske treningssenter vitnar om at nordmenn prioriterer både fysisk og psykisk helse. Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Treningssentera går betre enn nokon gong

Norske treningssenter har rekordomsetnad. Morten Mørland i Virke trur nordmenn vart meir opptatt av helse etter pandemien.

– Pilene peikar i riktig retning. Vi ser no ein treningssenterbransje med ein solid vekst og lønnsemd. På vegner av landets folkehelse så er eg begeistra over å sjå at folk prioriterer eiga helse, seier bransjeleiar for aktiv helse i Hovedorganisasjonen Virke, Morten Mørland.

Med ein omsetnad på 6,9 milliardar hadde bransjen ein auke på 10 prosent frå 2022, viser ein fersk rapport frå Virke.

– Trass i både pandemi og dyrtid i fleire år, så har treningssentera på imponerande vis klart å både behalda og utvida medlemsmassen, seier Mørland.

I dag er det 1497 treningssenter i Noreg. Dette er også ein auke på 30 senter det siste året.

Mørland trur det har med å gjera at folk lærte mykje frå pandemien.

– Vi fekk eit anna syn på helsa vår, og såg kor viktig det var med fysisk aktivitet for å ha det bra i livet. Alle er tent med at folk trenar og tek vare på eiga helse, seier han.

Sjefanalytikar i Virke, Runar Wiksnes spår at bransjen kjem til å få endå eit rekordår.

– Prisveksten er på veg ned, og stadig fleire forbrukarar har fått meir stabil økonomi. Det er venta reallønnsvekst også til neste år, samtidig som det første rentekuttet stadig nærmar seg. Det betyr at fleire får meir å rutta med, seier Wiksnes.

(©NPK)