Totalt løyste 236.378 personar billett til Branns 15 heimekampar denne sesongen. Det gir eit snitt på 15.759 tilskodarar, noko som er ein auke på 3,6 poeng samanlikna med 2023-sesongen.
Dei tala kunne ingen av eliteseriekollegaene matche denne sesongen. Nærast kom Rosenborg med 207.236 publikummarar og eit snitt på 13.816.
For trønderane innebar det to prosent færre tilskodarar enn i fjor.
Langt meir hyggeleg er den same prosenten for Fredrikstad og KFUM Oslo. Laget frå plankebyen enda på fjerdeplass på publikumstabellen i Eliteserien denne sesongen. Totalt fann 127.350 personar vegen til FFKs heimekampar. Det gir 8.490 i snitt.
Samanlikna med 2023-sesongen er det ein auke på formidable 77,5 prosent.
KFUM-byks
Eit endå større løft fekk KFUM. Oslo-klubben enda rett nok sist på publikumstabellen i Eliteserien med totalt 42.764 tilskodarar, men samanlikna med fjoråret var auken friske 161,7 prosent.
Viking hadde den tredje beste oppslutninga om heimekampane sine denne sesongen. 185.465 selde billettar og eit snitt på 12.364 vart den sterke fasiten. Berre Brann og RBK var altså betre.
Deretter følgde nemnde Fredrikstad (127.350) og nedrykksklare Lillestrøm med 109.544.
For Eliteserien sett under eitt vart det registrert 1.656.635 betalande tilskodarar. Det er ein liten nedgang på 337 tilskodarar per runde samanlikna med 2023.
Brann, RBK og Viking stod for 39 prosent av alle tilskodarane på øvste nivå denne sesongen.
Vålerenga lokomotivet
Årets 1. divisjonssesong er på si side den best besøkte gjennom tidene. Det er mykje takka vere Vålerengas solide tal.
Oslo-klubben, som er klar for comeback i Eliteserien i 2025, enda på totalt 136.402 tilskodarar og eit snitt på 9.093 per kamp. Berre dei tre toppklubbane i Eliteserien kan vise til betre.
Nærast følgde Aalesund med 57.299 og 3.820 per kamp. Lyn vart nummer tre (56.525) og Start nummer fire (48.098).
I botnen av tilskodartabellen i 1. divisjon ligg Åsane med 10.899 publikummarar fordelte på 15 heimekampar.
Egersund (15.377) og Raufoss (15.571) var hakket betre.
1. divisjonsklubbane enda på til saman 587.041 selde billettar. Det er ein oppgang på snaue 33 prosent frå 2023-sesongen, mykje drive av opplsutninga om Vålerenga.
– Vi er utruleg stolte av at over 2,2 millionar har kjøpt kampbillett i 2024, og det påstarta sesongkortsalet for 2025 tyder på at dette berre vil halde fram. Det blæs ein svært sterk tilskodarvind over norsk fotball, seier administrerande direktør i Norsk Toppfotball, Jens Haugland om tala samla for dei to øvste divisjonane.
(©NPK)