Onsdag vart det brot i forhandlingane om ny avtale om inkluderande arbeidsliv. LO sa ja, men NHO vil ikkje gå med på at LO ville behalde sjukelønna, ifølgje LO.
– Når arbeidsgivarar no har valt å setje sjukelønna i spel, tvingar det oss til å vurdere alle moglegheiter. Mellom anna å fremje det som krav i neste oppgjer, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum i ei pressemelding.
At Fellesforbundet no varslar at sjukelønn kan bli eit hovudtema i neste oppgjer, betyr at dei er klare til å setje alle sine 175.000 medlemmers makt bak kravet.
Offentleg sektor har full lønn under sjukdom som ein del av tariffavtalane sine. Det same har fleire funksjonæryrke. Det betyr at det først og fremst er arbeidsfolk i fysisk krevjande yrke i privat sektor som vil bli ramma av eit sjukelønnskutt, altså Fellesforbundets medlemmer.
– Vi kjem til å bruke alle lovlege middel for å sikre at denne tryggleiken i den norske arbeidslivsmodellen framleis skal gjelde alle, seier Eggum.
(©NTB)