Til saman 131.000 menneske skal ta fly frå desse flyplassane, melder NRK. 83.500 av dei frå Oslo lufthamn, 19.750 frå Bergen lufthamn, 16.000 frå Trondheim lufthamn og 11.600 frå Stavanger lufthamn.
Dagen før, torsdag 19. desember, er det også mange som skal fly «heim til jul», og Avinor ventar 120.400 passasjerar. Det same gjeld 22. desember, med 117.000 reisande.
Julas toppdestinasjonar utanlands er Spania, England, Tyskland, Danmark, Sverige, Polen, Nederland, Frankrike, Sveits og Tyrkia.
På nyåret ser 5. januar ut til å bli den travlaste utfartsdagen med 117.000 flyreisande.
– Vi kryssar fingrane for godt og roleg utfartsvêr, og ein fin start på ferien for alle som skal ut og fly. Og så ønskjer vi sjølvsagt alle ei riktig god jul, seier konserndirektør for lufthamnene i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, Thorgeir Landevaag.
(©NPK)