Brev i postkassen? Ikkje no lenger, foreslår utvalet. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Brev i postkassen? Ikkje no lenger, foreslår utvalet. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Ingen brev i postkassa, foreslår utval

Utvalet som har vurdert postsystemet, foreslår å kutte utdeling av brev til folk sine postkasser. Dei som absolutt treng det, kan få post éin gong i veka.

Eit fleirtal i det hurtigarbeidande utvalet som skulle vurdere framtida til postsystemet, går inn for at vanlege folk ikkje lenger skal få brev rett i postkassa, men at dei må hentast på ein hentestad, som post i butikk.

Dei som treng postkasselevering, skal likevel få høve til å få det.

Mindretal vil ha post i postkassa

Mindretalet i utvalet på éin person, går motset veg og meiner posten som hovudregel må leverasa i postkassa, men at ein bør kunne velje å få han utlevert på ein hentestad.

Postutvalet vart sett ned av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i januar og har vorte leidd av direktør Elisabeth Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Måndag vart rapporten frå utvalet overlevert til Nygård.

– Fallet i brevmengda dei siste åra har vore ekstremt stort, noko som inneber at kostnaden per gjenverande brev som blir sendt, blir svært høg. Med denne utgreiinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for postregulering i framtida på plass. Eg ser fram til å lese rapporten og meiner dette arbeidet gir eit godt grunnlag for den vidare prosessen, seier Nygård.

Beredskap

Aarsæther seier på si side at tilrådinga vil sørgje for at Noreg framleis har eit solid postsystem, og at det gir svært viktig beredskap.

– Likevel meiner vi at det er på høg tid å endre bruken i staten av både pengar og regulering for å sikre både noverande og framtidige behov, og bidra til at fleire aktørar kan tilby tenester. Vi håpar at arbeidet vårt kan bidra til eit framtidsretta og berekraftig postsystem for Noreg, seier utvalsleiaren.