– Det er veldig mykje som skal fram før jul, så det lønner seg å vere tidleg ute, seier pressesjef John Eckhoff i Posten i ei pressemelding.
Før jul handterer Posten cirka 10 millionar julehelsingar, rundt 40 millionar andre brevsendingar og rundt fire millionar pakkar.
I mange år har 16. desember vore fristen for å sende post som skal rekke fram til jul. Den fristen gjeld også i år.
– Det betyr at folk bør sende pakkar i dag. Men folk må ikkje slutte å sende pakkar i morgon. Vi gjer det vi kan for å få dei fram, utan at vi kan gi nokre garantiar, seier distriktssjef Jens Ottosen for Posten Bring i Troms og Finnmark til NRK.
Posten oppmodar også folk som har fått pakkar til å hente dei. Søndag låg det 52.960 pakkar som venta på å bli henta i Oslo, 42.295 i Akershus, 33.081 i gamle Hordaland fylke, 30.353 i Trøndelag og 25.814 i Rogaland.
(©NPK)