– Vi er inne i ein gåsakteaksjon, det er ingen løyndom. Den starta natt til førre måndag, seier fagforeiningsleiar Ivar Olafsen for dei NFO-organiserte flyteknikarane i WTS til Bergens Tidende.
Frå måndag til tysdag har det vore rundt 130 kanselleringar, opplyser flyselskapet.
Måndag uttalte Widerøe at 150 fagorganiserte går sakte etter brot i lokale forhandlingar mellom Widerøe Technical Services (WTS) og Norsk Flyteknikerorganisasjon (NFO). Dette vart opplyst å vere éi av forklaringane på alle problema med flygingane den siste tida.
Olafsen seier til BT at brotet i forhandlingane gjer at dei mista ein komponent av den faste lønna si som utgjer 15 prosent, og at dei derfor vil gjere, eller produsere, 15 prosent mindre.
Førebels er det ikkje avtalt noko nytt møte med arbeidsgivaren, seier han.
– Vi har ein dialog, men er ikkje samde. Aksjonen går føre seg til det blir ei semje. Blir vi samde, vil aksjonen vere over.
Widerøe jobbar no på spreng for å finne løysingar for innleige av teknisk personell og ekstra kapasitet i form av fleire fly, seier kommunikasjonsrådgivar Lina Lindegaard Carlsen.
(©NPK)