Tuva Moflag (Ap), Kirsti Bergstø (SV) og André Myhrvold (Sp) då dei la fram budsjettforliket søndag kveld. Opposisjonspartiene er ikkje imponert. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Tuva Moflag (Ap), Kirsti Bergstø (SV) og André Myhrvold (Sp) då dei la fram budsjettforliket søndag kveld. Opposisjonspartiene er ikkje imponert. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Sterke reaksjonar på SVs budsjettsiger: – Ein avskjedssøknad

Høgre, Framstegspartiet og Venstre reagerer kraftig på budsjettforliket mellom SV og regjeringa. Heller ikkje MDG eller Raudt er spesielt imponert.

– Ingen vilje eller evne til prioritere. Så å seie alt blir betalt med sparepengane våre. Det skaper store utfordringar for framtidige generasjonar, seier Høgres finanspolitiske tapsperson Tina Bru om statsbudsjettet søndag kveld.

Reaksjonen kjem etter at SV vart samde med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om neste års statsbudsjett.

Medan samarbeidspartnarane var svært tilfredse med å kunngjere meir til minstepensjonistar, studentar og barnefamiliar, meiner Framstegspartiet at budsjettet slett ikkje fører til vesentleg endring for vanlege folk.

– Kvar vart det av eldreomsorga i dette forliket? Kvar er betringa for folk i kvardagen? spør Framstegspartiets nestleiar og finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi.

Fryktar rentehopp

– Dette er ein avskjedssøknad frå tre parti som ikkje evnar å prioritere. Ikkje ein einaste av dei 2000 milliardane i statsbudsjettet klarer dei å omprioritere, i staden hentar dei nye milliardar frå oljefondet, seier Venstres nestleiar Sveinung Rotevatn.

Både Høgre og Venstre meiner det nye budsjettet kan undergrave signala om lågare rente som er gitt.

Det blir vist til at bruken av pengar frå oljefondet vil auke med 7 milliardar kroner, frå 460 milliardar i det opphavlege budsjettforslaget frå regjeringa.

Finanspolitisk talsperson for Høgre Tina Bru seier ho er bekymra over at folk må vente litt lenger på lågare rente.

– Med dette legg dei auka press på renta som kan skyve rentekutt for folk lenger fram i tid. Det blir ikkje billigare for folk med bustadlån midt i dyrtida, skriv Rotevatn.

Dyrare bil

Framstegspartiet ergrar seg over at SV vil skattleggje oljenæringa hardare og straffe bilistane som framleis køyrer på fossilt brensel

– I tillegg blir det endå dyrare å kjøpe bil, og vår viktigaste næring, olje og gass, blir pålagd endå høgare avgifter. Eit forlik som ytterlegare bidreg til å undergrave fundamentet for velferda vår, meiner Limi.

MDG: Overdriven havbotn-siger

Heller ikkje i Kristeleg Folkeparti er ein spesielt imponert over resultatet i budsjettforhandlingane.

Finanspolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad er skuffa over at ikkje bistandsmålet på 1 prosent er oppfylt og seier det ikkje er nokre tiltak i kampen mot ungdomskriminalitet og narkotika.

– Eg er skuffa over at regjeringspartia og SV ikkje gjer meir for å styrkje skulen. Sjølv om dei pøser på med 6–7 nye oljemilliardar, finn dei altså ikkje rom til verken å gi betre vilkår for lærarane eller innkjøp av lærebøker.

I Miljøpartiet Dei Grøne er partileiar Arild Hermstad ikkje imponert over den utsette konsesjonsrunden for gruvedrift på havbotnen.

– Dette er langt frå det havbotnen hadde fortent sjølv om det blir framstilt som full siger. Det er bra at utlysingar for gruvedrift på havbotnenblir sett på pause i ni månader, men når regjeringa understrekar at dei ikkje legg frå seg prosjektet, er det ikkje i nærleiken av nok.

– Julefreden senkar seg ikkje

Heller ikkje hos SVs naboar til venstre, partiet Raudt, er det overdriven begeistring over budsjettforliket.

– Dette forliket vil ikkje få julefreden til å senke seg. Det er eit folkeopprør mot kutt i velferda rundt om i landet, likevel er det ikkje funne plass til ei einaste krone i auka frie midlar til kommunar der skular, sjukeheimar og fritidstilbod er trua av nedlegging, seier partileiar Marie Sneve Martinussen.

– Dei som håpa på ei redning for lokalsamfunnet sitt denne søndagskvelden, må gå skuffa til sengs, legg ho til.

(©NPK)