FØREBYGG ULYKKER: Med snø og is på bakken, aukar risikoen for arbeidsulykker. FOTO: Arbeidstilsyne
FØREBYGG ULYKKER: Med snø og is på bakken, aukar risikoen for arbeidsulykker. FOTO: Arbeidstilsyne

Etterlyser salt på arbeidsplassen

Arbeidstilsynet ber arbeidsgivarar ta ansvar og for at dei tilsette ikkje skal skli på glattisen.

2025 starta med snøsjokk etter at det lava ned over heile landet. Med vêrskifte frå minus- til plussgrader kan det leggje seg såpeglatt hålke på bakken.

– Det er di plikt å gjere det du kan for at folk ikkje skal falle og slå seg på jobb når det er hålke og glatt, seier Vigleik M. Aas, som er seksjonsleiar for Arbeidstilsynets svarteneste.

Han snakkar til arbeidsgivarar, som får eit ekstra ansvar om vinteren, dersom dei har arbeidstakarar som jobbar ute. Det er nedfelt i arbeidsplassforskrifta.

Aas har fleire tips til arbeidsgivarar som ikkje veit kvar dei skal byrje:

• Mok bort snø

• Strø ofte og grundig

• Sørg for broddar og fottøy med piggar der det trengst

• Sørg for godt arbeidslys

Men også arbeidstakarar har eit ansvar for eige arbeidsmiljø.

– Er det for glatt? Er fottøyet for dårleg? Eller er det andre ting som medfører unødvendig risiko på arbeidsplassen? Sei i så fall frå til leiar og eventuelt til verneombod, avsluttar Aas.

(©NPK)