Hamnespy spreier seg raskt og tek over leveområda til andre artar. Her er ein raudalge som er angripen av hamnespy. Foto: Vivian Husa/Havforskingsinstituttet / NTB / NPK
Hamnespy spreier seg raskt og tek over leveområda til andre artar. Her er ein raudalge som er angripen av hamnespy. Foto: Vivian Husa/Havforskingsinstituttet / NTB / NPK

Forskarar åtvarar: Hamnespy trivst for godt i norske farvatn

Ein studie viser at hamnespy trivst best i sjøvatn med temperaturar mellom 13 og 18 grader celsius. Det betyr at den invaderande arten har ideelle vekstforhold langs norskekysten, noko som kan true lokale økosystem.

Situasjonen i Noreg skil seg frå resten av verda:

– Vi ser heilt klart ein svært rask vekst og utvikling av koloniar i Noreg. Havtemperaturane langs norskekysten er heilt optimale for veksten av hamnespy, seier havforskar Erwann Legrand i ein artikkel på nettsida til Havforskingsinstituttet.

Studien, som kjem av to års observasjonar av elleve koloniar utanfor Stavanger, viser at hamnespyet kan vekse frå 78 cm² til 1008 cm² på 624 dagar. Arten sluttar å vekse når vasstemperaturen fell under 8 grader, men det skjer sjeldan langs norskekysten.

– Vi ser at hamnespy krympar litt om vinteren, men ikkje nok. Det blir rett og slett ikkje kaldt nok, sjølv ikkje i Troms, seier Legrand.

(©NPK)