Frå i år skal det berre seljast elbilar som nye bilar i Noreg. Likevel er det berre éin av ti nordmenn som trur målet er realistisk.
– Sjølv om salstala viser at vi er nær ved å nå elbilmålet, har ikkje folk trua på det, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, i ei pressemelding.
I NAFs ferske elbilmonitor svarer heile 89 prosent nei på spørsmålet om dei trur at målet om at det berre skal seljast nullutsleppsbilar som nye bilar innan utgangen av 2025 blir nådd.
I 2024 var elbilandelen for heile året 89 prosent av dei nye bilane som vart selde. Frå august og ut november låg elbilandelen av nybilsalet på godt over 90 prosent. Rekordmånaden var september med ein elbilandel på 96,4 prosent.
– Dei siste månadene av fjoråret viser at nybilkjøparane i det store og heile kjøper elbilar. Vi trur dette held fram. Nokre vil framleis ha behov for andre bilar enn elbilar. Så om 95 prosent eller meir vel elbil, kan målet eigentleg reknast som nådd, seier han.
Overgang ein bøyg
NAFs elbilmonitor viser at 46 prosent vil ha elbil som neste bil. Sødal meiner dette viser at det framleis er mange som må overtydast i overgangen til utsleppsfrie bilar, og at det difor er viktig at regjeringa held fast ved dei avgiftsfordelane elbilar har nokre år til.
Blant dei som allereie har elbil svarer 77 prosent at dei skal ha elbil også ved neste bilkjøp. Tilsvarande tal for dei som ikkje eig ein elbil i dag er 25 prosent.
(©NPK)