Prisen på olivenolje steig med over 24 prosent. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Prisen på olivenolje steig med over 24 prosent. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Prisane steig 3,1 prosent i 2024 – årsveksten minka frå 2023

Prisane har stige med 3,1 prosent i 2024, ifølgje SSB. Til samanlikning var årsveksten i 2023 på 5,5 prosent, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Årsveksten blir berekna ved å sjå på gjennomsnittet av månadsindeksane i dei tolv månadene i år, som blir samanlikna med gjennomsnittet for året før. Årsvekst er ikkje det same som tolvmånadersendring, som samanliknar prisane frå ein månad til same månad året etter.

Folk flest fekk kjenne på at varer og tenester framleis vart dyrare, men prisane vaks saktare enn dei har gjort på ei god stund.

– Det var særleg prisane på energivarer og importerte varer som var med å trekkje prisveksten ned til ein takt vi ikkje har sett sidan før prisane byrja å stige i 2021, skriv SSB.

Frå 2023 til 2024 fall energiprisane 12,3 prosent, medan prisane på importerte varer steg 2,3 prosent. Men sjølv om straumprisane har falle dei siste to åra, er dei framleis høgare enn før dei byrja å stige kraftig i 2021.

Høgare matvareprisar bidrog til å halde prisveksten oppe. Frå 2023 til 2024 steig matprisane med 5,2 prosent. Dette er likevel nesten ei halvering frå året før.