Høg konsentrasjon av teknologiaksjar kan utgjere ein risiko for norske fondsspararar. Er du bekymra, flytt sparepengane, rår Robert Næss i Nordea.
– Søv du dårleg om natta på grunn av svingingane på børsen, bør du kanskje ikkje spare i aksjar i det heile, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 til NTB.
Det er på sett og vis dagen derpå for alle som har vore med på den fantastiske oppturen i amerikanske teknologiaksjar. Rekordfallet i Nvidia gjer tydeleg at heller ikkje teknologigigantane er usårlege eller for store til å la seg rokke av mindre utfordrarar – som kinesiske DeepSeek.
Dei sju teknologiselskapa som blir kalla «The Magnificent Seven» – Microsoft, Apple, Nvidia, Meta, Amazon, Alphabet og Tesla – kan utgjere så mykje som eit firedel av verdiane i eit globalt aksjefond, ifølgje investeringsdirektør Robert Næss i Nordea Investment Management.
– Ein sånn konsentrasjon har vi ikkje sett tidlegare. Det viser at det er ein konsentrasjonsrisiko, poengterer Næss overfor NTB.
Då New York-børsen stengde måndag, stod Nvidia-aksjen for det største verdifallet for eit enkelt selskap i børsens historie. Rundt 590 milliardar dollar – tilsvarande 6650 milliardar kroner etter dagens kurs – gjekk med i dragsuget då aksjeverdien stupte nesten 17 prosent.
Kinesisk gjennombrot
Det kinesiske KI-gjennombrotet kan byggje oppunder frykt for at også andre amerikanske teknologiselskap kan bli lågare verdsette når det viser seg at kinesarane kan gjere det same like bra, berre mykje billigare.
Rett nok styrkte Nvidia-aksjen seg markant allereie dagen etter. Men eit nytt samla fall i desse aksjane kan gjere eit merkbart innhogg i behaldninga til småspararane.
– For dei som deler denne bekymringa, kan det vere verd å vurdere å flytte noko av den globale sparinga inn i internasjonale aksjefond som ikkje har denne eksponeringa, seier han.
Rett nok har dei som sparer i fond med stor eksponering mot dei største amerikanske teknologiaksjane, hatt ei super avkastning det siste tiåret. Næss og Nordea er blant fleire som har peika på at desse aksjane har vore uvanlege høgt prisa.
– Vi ser heller ikkje den same utviklinga med høg prising i Noreg, så for dei som har lite eksponering i norske aksjar, kan det vere ein idé å flytte noko frå eit globalt fond til eit norsk fond, seier Næss.
Tenk langsiktig
Hovudlinja i råda NTB får frå økonomane, er likevel å sitje ganske roleg i båten, halde hovudet kaldt og tenkje langsiktig.
Magne Gundersen påpeikar at oppturen i teknologiaksjar har vore så formidabel at avkastninga framleis er stor sjølv om det rann ut med Nvidia-milliardar tysdag.
– Det å ta raske avgjerder basert på dagsaktuelle nyheiter er sjeldan lurt. Mitt råd er rett og slett å la pengane stå i ro og ikkje gjere noko forhasta. Over tid viser det seg nemleg at dei som held seg investert gjennom både opp- og nedturar, som regel får best avkastning, tilføyer forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea.
Det som går ned, går som oftast opp igjen, poengterer også Gundersen.
– Eg skjønner at ein blir uroleg når ein ser at selskap fell mykje, og store børsverdiar forsvinn. Men eg har ikkje anna råd til småspararar som meg sjølv enn å halde seg til planen. Set du av eit beløp i månaden, så hald fram med det, seier han.
Det ligg i aksjemarknadens natur at kursane svingar. Den langsiktige fondsspararen bør sitje stille i båten og halde fram sparinga si, ifølgje administrerande direktør Bernt S. Zakariassen i Verdipapirfondenes forening.
(©NPK)