– Om ein ikkje kan isolere utvendig, er isolering likevel eit tiltak ein mest sannsynleg vil tene på i lengda. Både ved lågare straumrekningar og auka velvære, seier senior bygningsfysikar i Asplan Viak, Grete Kjeldsen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
– Om ein ikkje kan isolere utvendig, er isolering likevel eit tiltak ein mest sannsynleg vil tene på i lengda. Både ved lågare straumrekningar og auka velvære, seier senior bygningsfysikar i Asplan Viak, Grete Kjeldsen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Rådgivar: Frykta for innvendig etterisolering er overdriven

Å etterisolere frå innsida er ikkje så farleg som mange trur, meiner bygningsfysikar Grete Kjeldsen. Effekten på straumrekninga kan bli stor.

– Det er trist at ein del i byggjebransjen driv skremselspropaganda mot innvendig etterisolering. Frykta for fukt- og frostskadar er overdriven, seier bygningsfysikar Grete Kjeldsen til Teknisk Ukeblad.

Oppvarming har tradisjonelt utgjort rundt 70 prosent av energibehovet i norske bygg. Takka vere dagens bygningsforskrifter krev moderne bygg langt mindre energi til oppvarming enn før.

Derfor er det mykje å hente på etterisolering, som blir sett på som den mest lågthengande frukta
for å bøte energimangelen i Noreg.
Men det er ikkje alltid like lett. Ofte er det ikkje mogleg med utvendig etterisolering.

Men om ein isolerer innvendig blir også frysepunktet flytta innover i veggen. Dermed kan materiale som har lege lunt i årevis, bli utsette for frost, fukt og kondens og auke faren for sopp og ròte.

– Det betyr ikkje at det aldri er trygt å isolere innvendig, understrekar Kjeldsen.

Ho meiner det er viktig å vurdere kvart bygg for seg og ber folk kontakte ein bygningsfysikar viss dei er usikre.

– Ein bygning av naturstein, vil til dømes ikkje ta skade av at nullpunktet blir litt trekt inn i veggen. Ein kan ikkje leggje same føringar for eit bygg i Innlandet som i Bergen, slår ho fast.

(©NPK)