Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Vestland i toppen i tømmerhogsten

Tømmerhogsten i Noreg nådde rekordhøgder i 2024, med om lag 12 millionar kubikkmeter tømmer seld til industriføremål.

Dette representerer ein auke på 336.000 kubikkmeter frå det førre rekordåret 2022, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.

Sjølv om fylka på Austlandet framleis står for 75 prosent av den norske avverkinga, er det kystfylka som har opplevd den største auken dei siste to åra. Trøndelag og Vestland leia an i denne utviklinga. Landbruks- og matdepartementet peikar på fleire moglege årsaker til denne trenden, mellom anna gunstige prisar, gode driftsforhold, betre tilgang på driftskapasitet og auka moglegheiter for båttransport gjennom nye tømmerkaier.

(©NPK)