Noregs største vassmagasin, Blåsjø, kan åleine forsyne Trondheim med straum i fem år. Om lag ein femdel av krafta her blir brukt til å pumpe vatn tilbake. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Noregs største vassmagasin, Blåsjø, kan åleine forsyne Trondheim med straum i fem år. Om lag ein femdel av krafta her blir brukt til å pumpe vatn tilbake. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Statkraft vurderer gjenbruk av vatn

Ved å pumpe vatn tilbake i magasinet kan kraftverk bli meir fleksible og bidra til meir stabile prisar, ifølgje Statkraft-direktør Pål Otto Eide.

I Noreg finst allereie ti kraftverk som returnerer vatnet etter at det har passert turbinen. Statkraft, som har rundt 120 vasskraftverk, vurderer å søkje konsesjon på fleire nye pumpeprosjekt, skriv Klassekampen.

– Det dreier seg om ei tilpassing til eit nytt kraftsystem. Sol og vind leverer når det er sol og vind. For å få stabilitet trengst vasskraft med magasin, seier Eide.

Eit pumpekraftverk kan bruke elektrisitet til å pumpe vatnet tilbake, noko som lønner seg når straumprisane er låge eller negative. Vatnet kan dessutan førast gjennom turbinen også på veg opp, og generere ekstra straum.

– I magasinet blir energien lagra. Det er som eit batteri med lang horisont, seier Eide.

Ved å bruke eksisterande infrastruktur unngår ein nye naturinngrep, men for å få til pumpekraftverk må vatnet ikkje sleppast ut i ei elv etter første gongs bruk. Fleire land byggjer kunstige innsjøar for å leggje til rette for dette.

Noregs største vassmagasin, Blåsjø, kan åleine forsyne Trondheim med straum i fem år. Om lag ein femdel av krafta her blir brukt til å pumpe vatn tilbake. Energikommisjonen meiner pumpekraft bidreg til betre forsyningstryggleik og kan dempe prisane, men påpeikar at nye eller ombygde anlegg kan vere kontroversielle og må ha konsesjon.

(©NPK)