Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss signerte nyleg ei ny samarbeidsavtale som forpliktar partane til konkrete tiltak for betre rekruttering, eit tryggare arbeidsmiljø og ein meir inkluderande arbeidsplass for alle, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
Sjølv om fleire kvinner no vel maritime jobbar, er det framleis utfordringar knytte til arbeidsmiljø, haldningar og arbeidsvilkår. Avtalen legg vekt på at desse områda må forbetrast for å sikre like moglegheiter for alle. I tillegg må arbeidsplassar, utstyr og arbeidstidsordningar tilpassast ei meir mangfaldig gruppe tilsette.
– Norsk maritim næring treng folk, særleg i møte med det grøne skiftet og ny teknologi. Eg er oppteken av at unge menneske skal velje ein maritim karriereveg og det er difor viktig at næringa jobbar aktivt for å vere ein attraktiv stad å jobbe, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
(©NPK)