Uventa nedgang i moderering av falske kontoar på sosiale medium. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Uventa nedgang i moderering av falske kontoar på sosiale medium. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Sosiale medium fjernar færre falske norske kontoar

Nye tal frå Medietilsynet viser at sosiale medium fjerna færre falske norske kontoar i siste halvår av 2024.

Nedgangen gjeld for dei største sosiale medieplattformene i dei 30 EØS-landa, trass i at 2024 var eit viktig valår i Europa, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

– Manglande rapportering gjer at offentlegheita får eit svært mangelfullt innblikk i korleis dei globale plattformene handterer innhald som kan påverke den offentlege debatten i Noreg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i meldinga.

Tiktok fjerna 93.000 falske norske kontoar i andre halvår 2024, ein nedgang frå over 300.000 i første halvår. Liknande tendensar er observert for andre plattformer i EØS-området.

– Nedgangen er uventa, og kan ha samanheng med høg grad av moderering i 2023 som ein beredskap før vala. Det kan ha vore mindre moderering frå plattformene si side i fjor.

(©NPK)