Frå venstre: Frøydis Gillund, Norsk institutt for bioøkonomi, Magritt Brustad, UiT Noregs arktiske universitet og Eirik Mikkelsen, Nofima. Dei skal kartleggje ulike krisescenario for mattryggleik og folkehelse i det nye forskingsprosjektet "Resilient North". Foto: Jan Fredrik Frantzen/ UiT

Forskar på kva som skjer med mattryggleiken når krisa råkar oss

Vi veit lite om korleis ulike kriser og hendingar vil påverke matforsyning og folkehelse nord i landet vårt. Derfor skal forskarar ved UiT, Nibio og Nofima no kartleggje ulike krisescenario og konsekvensane av dei for mattryggleik og helse i det nye forskingsprosjektet «Resilient North».

Forskarane har som mål å skaffe meir kunnskap om samanhengen mellom mat, miljø og folkehelse i Nord-Noreg i lys av eit fornya trusselbilete i nordområda, heiter det i ei pressemelding.

Kunnskapen skal bli eit hjelpemiddel for nasjonale, regionale og lokale styresmakter og avgjerdstakarar. Den skal bidra til at landsdelen og Noreg blir betre rusta til å handtere ulike kriser som kan oppstå.

Prosjektet inkluderer også forsking på lokalsamfunn, unge bønder og rolla deira for å styrkje mattryggleik og totalberedskap.

«Resilient North» starta i mai 2025 og varer til sommaren 2029. Det er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR).

(©NPK)