Kurt B. Hagen
FOTO: PRIVAT
Debatt
Hei Erling
Eg blir i grunnen litt matt av å bli dømt for ting du meiner du forstår deg på….om meg. Det er umåteleg trist med alle som slit og alle som tar livet av seg. Det er vi samde om, sjølv om du meiner deg på at eg ikkje meiner det? Og vi skal takka Friele og E. Pirelli og mange fleire for alt dei har gjort. Og ja, mykje er blitt betre, mykje betre. Men det meiner eg altså, fult ut. Eg ønsker meg aller helst eit samfunn der folk får vera den dei er eller kjenner seg som. Heilt utan å bli dømt av andre på nokon som helst måte. Eg meiner også, og har meint lenge at om ein har kjærleik for nokon må dei sjølvsagt få det bekrefta i ei kyrkje som andre som erklærer kjærlighet til kvarandre.. om dei er ho eller han eller hen eller kva som helst (med slike utsegn får eg vel dei kristne» på nakken ôg.), men du vil altså ikkje anerkjenne min støtte til at folk får vera den dei er. Det gjere meg litt trist… det er faktisk litt vemmelig.
Som eg skreiv sist; då eg vart fødd, vart eg fødd av ei kvinne, det vart nok også Vigdis.. og det trur eg du er samd om at også du vart. Eg trur også at både du (og Vigdis) er samde om at; for at det vindunderlege mirakelet skulle finne sted.. så måtte det ein mann (les, hankjønn) til, med eit bittelite bidrag? Er ikkje det riktig, Erling? At det er slik at for å lage barn, hjå pattedyr, så må det ein av kvart kjønn til? Dei to biologiske kjønna ? Eg presiserer vidare at folk, du, Vigdis, eg eller kven dom helst har full rett til å identifisera seg som akkurat det dei måtte ønska. Uansett, om du vel å sjå bort frå det, så står eg for det. Og vil nok fortsetta å støtta din rett til å vera den du er.
No har du det dokumentert, endå ein gong at detta står eg for. Det er då svært trist å bli dømt slik du og Vigdis dømmer meg, og fortel meg kva og korleis eg skal vera og meina. Eg har aldri hengt ut nokon trans, bi, eller andre av bokstavane.. finn du det, så vis verden det… Eg meiner verkeleg det er fælt, at vi har eit samfunn der folk slit med å finna seg sjølv. Men eg meiner ôg, det er viktig å halda på biologien. X og Y kromosonar.. og sluttar vi med det, trur eg at; forvirringa, og mentalhelseproblema aukar. Alle får vera den dei er i mi verd, Også du, sjølv om du dømmer meg slik du gjer, heilt utan å kjenna meg. Men for all del, treng de nokon å blåsa ut på.. så fyr i veg. I same stunda som du vel å demonisera meg, og skyva vekk desse tilfellene frå utlandet, så står det å lesa at to kvinner i Bergen er dømt for valdtekt av ei mindreårig jente. To transkvinner, dømt for valdtekt med penis-penetrering.