Mobildekning møter utfordringar i nye bygg. Foto: Emilie Holtet / NTB
Mobildekning møter utfordringar i nye bygg. Foto: Emilie Holtet / NTB

Nkom: Mobildekning blir utfordra i moderne bygg

Nye bygg er så godt isolerte at mobildekninga blir stengd ute, opplyser Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

No etterlyser Nkom
betre samarbeid mellom byggjebransjen og mobiloperatørane.

– Kommersielle aktørar må skunde seg og ikkje vente på at styresmaktene skal regulere. Vi meiner det er best at aktørane sjølve kjem fram til gode løysingar saman, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nkom.

Hovudsakleg er det endringar i byggtekniske forskrifter som skaper utfordringar med mobildekning i nyare bygg.

– Moderne mobilnett bruker høgare frekvensar, og det gir oss raskare internett. Det krev likevel fleire antenner eller spesielle system for å fungere godt inne i tette og moderne bygg. Det kan forklare kvifor mobildekninga forsvinn i moderne bygg sjølv om det har vore dekning i det same bygget med eldre mobilteknologi, seier Vollstad.

Nkom har laga eit utkast til ein rettleiar som skal hjelpe bygningseigarar og leigetakarar som slit med dårleg dekning i bygga sine.

(©NPK)