Det er meir enn alle andre land i undersøkinga, som er utført i seks europeiske land og USA. Tala viste at tilliten søkk jo lengre sør i Europa ein bur, med Italienarane på botn.
Nesten éin av fire i undersøkinga oppgav å ha droppa ei juridisk sak, sjølv om dei meinte dei hadde rett. I Noreg svarte 15 prosent det same.
Trass i at nordmenn viser høg tillit til rettssystemet svarer paradoksalt nok berre litt over halvparten at dei meiner lova gjeld likt for alle.
Undersøkinga er utført av Ipsos på vegner av verdas største juridiske forsikringsselskap, ARAG SE.
(©NPK)