Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
– Nettsida vegvesen.no/turist
er på norsk og engelsk, og gir informasjon som både skal ivareta trafikktryggleiken og bidra til betre framkomst, seier Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.
Andre tema ein kan finne på turistsidene til Vegvesenet er dei viktigaste trafikkreglane, korleis ein køyrer trygt med bubil og campingvogn, informasjon om veg- og køyreforhold og bompengar, fartsgrenser og korleis ein tar seg trygt og sikkert fram på MC og sykkel.
Ei stor utfordring med bubilturistane er at mange slår seg til over natta og kanskje fleire dagar på stadar som ikkje er eigna for camping. Dermed tek dei opp plassen til turistar som ønskjer å ta ein kort stopp for å raste eller sjå på utsikta. Det kan òg skape store framkomstproblem og til dels farlege situasjonar.
– Turistsidene har også informasjon som kan hjelpe bubil- og campingturistane til å ta meir omsyn, både til medtrafikantar og til lokalbefolkninga, seier Kanter Zerwekh.
(©NPK)