Gratis deltid i SFO har ført til ein kraftig auke i talet på barn som går der. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Gratis deltid i SFO har ført til ein kraftig auke i talet på barn som går der. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Gratis deltid har ført til 40.000 fleire barn på SFO

Gratis deltid i SFO har ført til ein kraftig auke i talet på barn som deltek, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Den nye ordninga med 12 timar gratis skulefritidsordning (SFO) per veke for 1.–3. trinn har hatt ein markant effekt på deltakinga i skulefritidsordninga.

– Auken har vore spesielt stor i distriktskommunane, seier forskar Samuel Jones Gilje i SSB.

Samtidig er det dei sentrale kommunane som framleis har høgast del barn på SFO. Spesielt på 1. trinn har den relative auken likevel vore størst i mellomsentrale kommunar og distriktskommunar, skriv SSB.

I 2024 var det nesten 40.000 fleire barn på SFO samanlikna med 2020. I 2024 var det 187.085 barn som hadde plass i SFO, noko som svarer til ein auke på 27 prosent sidan 2020.

(©NPK)