Når du ferdast i beiteområde, er det viktig å vise omsyn og halde god avstand til dyra. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Når du ferdast i beiteområde, er det viktig å vise omsyn og halde god avstand til dyra. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Ut på tur? –Vis kuvet!

Kvar sommar beitar det rundt 200.000 kyr i norsk utmark. Vestland Bondelag ber folk halde avstand til dei store dyra for å unngå farlege møte og ulukker.

Kvar sommar beitar rundt 254.000 kyr i utmarka i Noreg, ifølgje Norsk Friluftsliv. For å sikre trygg ferdsel for både to- og firbeinte, er Vestland Bondelag blant dei som oppmodar publikum til å følgje nokre enkle, men viktige reglar for å hindre ulukker.

— Det er viktig å ta omsyn til dyr som går på beite, særleg storfe. Dei kan bli skremde, og fordi dei er såpass store, kan dei i uheldige situasjonar gjere skade, seier Jan Erik Fløtre, styreleiar i Vestland Bondelag til Nynorsk pressekontor.

Kuvetreglane er laga av Norsk Friluftsliv i samarbeid med blant andre Bondelaget, Geno, Tine og TYR.

Sterke instinkt

Sjølv om kyr stort sett er fredelege dyr, kan dei nemleg bli utrygge og reagere – særleg om dei føler at kalven deira er truga.

— Eg driv med ammekyr, og då ser vi at enkelte dyr har sterkt morsinstinkt og kan bli aggressive viss dei opplever at kalven er truga. Det er noko vi alltid har i bakhovudet. Sjølv om det er naturleg åtferd, skal det ikkje gå utover folk. Me har sjølv slakta dyr som har vist teikn til aggresjon i slike situasjonar, seier Fløtre.

Difor er det viktig å ta forholdsreglar: hald god avstand til dyra og gå utanom kuflokken – ikkje rett gjennom, oppmodar Fløytre, og siterer Kuvetreglane som vart lansert i 2019. La anten hunden bli heime, eller ha han i band og på trygg avstand. Lukk grinder og portar etter deg, og ver roleg og trekk deg unna om dyra verkar pågåande.

Fordi kyr er såpass store, kan dei i uheldige situasjonar gjere skade, seier Jan Erik Fløtre, styreleiar i Vestland Bondelag. Foto: Privat

Betre forståing

Kuvetreglane er laga av Norsk Friluftsliv i samarbeid med blant andre Bondelaget, Tine og TYR. Målet er nettopp å førebyggje møte mellom folk og dyr som kan føre til ulukker.

Jan Erik Fløtre meiner merksemda rundt reglane har bidratt til betre forståing i møte med beitedyra, men understrekar at dette er eit tema ein ikkje kan slakke på.

— Eg er heilt sikker på at reglane har hatt effekt. Men det er noko vi må halde fram med å snakke om. Når det skjer uhell, er det verken kjekt for folk eller for dyreeigar, seier Fløtre.

Somme dyr har sterkt morsinstinkt og kan bli aggressive viss dei opplever at kalven er truga. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

(©NPK)