Veterinærtilgangen har vore låg i fleire norske distrikt i fleire år. I ein rapport frå AgriAnalyse
og Den norske veterinærforeining kjem det fram forslag om å fremje rekrutteringstiltak eller setje inn tiltak for endringa av vaktorganisering.
I verste fall risikerer bønder å avlive sjuke dyr som ikkje får hjelp.
I Senja kommune gjer oppseiingar og permisjonar at det er få veterinærar igjen. I sommar får bøndene berre tilgang på akuttbistand i ei veke i juli. Det skriv NRK.
– Det har over tid vore ganske krevjande å få rekruttert nok veterinærar. Dette er ikkje unikt for Senja, det er ein situasjon som er krevjande for mange kommunar i Noreg, seier kommunedirektør i Senja kommune, Stine Strømsø til statskanalen.
(©NPK)