Frå venstre Benjamin Schultz og Nina Jankowicz frå American Sunlight Project og Bellona-grunnleggjar Frederic Hauge. Foto: Bellona
Frå venstre Benjamin Schultz og Nina Jankowicz frå American Sunlight Project og Bellona-grunnleggjar Frederic Hauge. Foto: Bellona

Bellona: – Russland manipulerer norsk klima- og miljødebatt

Bellona og American Sunlight Project har lansert eit notat dei meiner avdekkjer korleis Russland bidreg til å manipulere klima- og miljødebatten i Noreg og Europa.

Målet er å fyre opp under konfliktfylte debattar i sosiale medium for å påverke den offentlege samtalen, ifølgje miljøorganisasjonen.

– Miljødebatten i Noreg og Europa er ikkje immun mot desinformasjon – han er alt under angrep, seier Bellona-grunnleggjar Frederic Hauge i ei pressemelding.

Han fortel at dei har dokumentert korleis det russiskstyrte bot-nettverket «EcoBoost» blandar seg inn i norske og europeiske klimadebattar. Nettverket består av rundt 700 X-kontoar og produserer eigne innlegg, deler, kommenterer og forsterkar innhald skapt av andre for å påverke debatten, forklarar han.

Hauge meiner at Russland i aukande grad nyttar X, tidlegare Twitter, til å påverke legitime norske debattar om klima og miljø, til dømes om vindkraftutbygging, atomkraft, elbil og olje- og gasspolitikk. Han trur EcoBoost prioriterer desse felte høgare i Noreg enn i andre land.

– Målet er ikkje nødvendigvis å påverke den norske debatten i ei bestemt retning. Nettverket er kjenneteikna av at dei vel seg ut konfliktfylte tema, for å forsterke splitting, seier han vidare.

– Dessverre har både det naturlege miljøet og det digitale miljøet det til felles at begge kan bli forureina, og det er det vi ser no, seier direktør i American Sunlight Project, Nina Jankowics.

(©NPK)