Hyppige pausar hos kvinner kan vere effektivt mot arbeidsrelaterte nakkesmerter, viser ein studium frå STAMI. Foto: STAMI
Hyppige pausar hos kvinner kan vere effektivt mot arbeidsrelaterte nakkesmerter, viser ein studium frå STAMI. Foto: STAMI

Kvinner hardast ramma av arbeidsrelaterte nakkeskadar

Kvinner får oftare arbeidsrelaterte nakkeskadar enn menn. Ulik muskelbelastning kan vere ein del av forklaringa.

Dette kjem fram i ein studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) i samarbeid med seks nordiske forskingsinstitusjonar. Dei har undersøkt korleis belastning i nakkemuskulaturen heng saman med smerte.

Nakkesmerter er ei av dei vanlegaste helseplagene i norsk arbeidsliv. 55 prosent av arbeidstakarane opplever smerte i nakke eller skuldrer, og for ein av tre av desse er plagene relaterte til jobben.

Kvinner rapporterer oftare slike plager enn menn. 40 prosent av kvinne oppgir at smertene er arbeidsrelaterte, mot 27 prosent blant menn. Og skilnaden er tydeleg, sjølv i yrke der kvinner og menn gjer dei same oppgåvene.

– Vi ser at kvinner i større grad enn menn er avhengige av korleis belastning og pausar fordeler seg i løpet av arbeidsdagen. Derfor bør både belastning og moglegheiter for kvile tilpassast betre i visse yrke, seier STAMI-forskar Markus Koch.

(©NPK)