Skjermen på ein Xpeng G5, ein av bilane med god rekkevidd. Foto: Ståle Frydenlund / Norsk elbilforening
Skjermen på ein Xpeng G5, ein av bilane med god rekkevidd. Foto: Ståle Frydenlund / Norsk elbilforening

Ny milepæl nådd for elbilar – snittrekkevidd på over 500 kilometer

Elbilane som vart selde i Noreg første halvår i år har i snitt ei rekkevidd på 500 kilometer. Det er ein auke på over 300 kilometer på ti år.

– Dette markerer eit betydeleg teknologisk framsteg og viser kor raskt utviklinga går innan elektrisk mobilitet, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening, i ei pressemelding.

I løpet av første halvår vart det selt 70.750 nye elbilar i Noreg, fordelt på 166 modellar.

– Utviklinga har gått utruleg fort. For berre nokre få år sidan var rekkeviddangst ei reell bekymring for mange. Frå å ha vore ein nummer 2-bil er elbilen no ein bil som dekkjer alle behov, seier ho vidare.

Den aukande etterspurnaden har ført til storskalaproduksjon som igjen har pressa ned prisane på produksjon av batteri. Samstundes har batteriteknologien og drivlinene blitt meir effektive.

(©NPK)