5. august i fjor starta ei marin hetebølgje i Lofoten som varte i 21 dagar. Temperaturen i havet vart målt til 18 grader, fire grader over normalen.
– Det er den høgste temperaturen som er målt i området sidan Havforskingsinstituttet oppretta målestasjonar her på 1930-talet, fortel havforskar Silvana Gonzalez, som også er forskar ved Bjerknessenteret.
Ho fortel at det i august 2024 var uvanleg vindstille, uvanleg varmt og uvanleg skyfritt i Lofoten.
– Det er perfekte forhold for ei marin hetebølgje. Når det ikkje er vind, blir ikkje laga i vassøyla blanda slik dei gjer når det bles. Når det heller ikkje er skyer, og sola skin nesten heile døgnet, blir det raskt oppvarming av vatnet nærmast overflata, seier Gonzales i ei pressemelding frå Bjørknessenteret.
I tillegg spelte det ho kallar klimatiske ekstremverdiar i Nord-Atlanteren ei rolle i oppvarminga. Ho nemner trykkforskjellar ved havoverflata mellom Island og Asorane – eit fenomen forskarane kallar den nordatlantiske oscillasjonen (NAO).
– Vi seier at NAO er positiv når forskjellen mellom lågtrykket ved Island og høgtrykket ved Asorane er større enn vanleg. I juli og august i fjor var trykkforskjellen den høgaste som noko gong er målt sidan registreringane starta i 1948, seier Gonzales.
Fenomenet førte til at mengda av lakselus i oppdrettsanlegg langs kysten av Nord-Noreg byrja å auke kraftig i slutten av juli, og etter kvart vart veksten eksplosjonsarta i heile landsdelen. Ved høgare temperaturar blir lakselus raskare vaksen og kjem tidlegare i gang med å formeire seg.
– Sjølv ein auke med ei grad har effekt på lakselusa, og når det blir 3–4 grader over normalen, blir effekten veldig stor, forklarar lakselusforskar Anne Dagrun Sandvik.
Hetebølgja i Lofoten varte til slutten av august, men det var uvanleg varmt i det sørlege Barentshavet til slutten av september.
(©NPK)