Eit parti utan stortingsplass har ikkje ein sjølvsagt plass i politiske debattar med stortingspartia til stades, men leiinga av Etnemarknaden inviterte òg Geir Ugland Jacobsen frå Norgesdemokratene til debatten, og han kvitterte tidleg med å seia at Russland ikkje har skuld i invasjonen av Ukraina, at Noreg og allierte land fører ein ønska krig og han sa i tydeleg negativ meining at Forsvaret er femininisert.
Det var lokale Asbjørn Moe som på ein god måte leia diskusjonen, og han fekk til ein politisk diskusjon utan at nokon av dei på scena ein einaste gong sa noko i munnen på kvarandre.
Politikarne på scenen var Kjersti Toppe (Sp), Terje Søviknes (Frp), Geir Ugland Jacobsen (ND), Sofie Marhaug (R), Joel Ystebø (KrF), Marthe Hammer (SV), Jens Håkon Birkeland (V), Ida Steinsland Lutro (H) og Ulvar Akselsen (Ap). Sistnemnde er son av tidlegare stortingspolitikar og sjøfartsdirektør Olav Akselsen (Ap) som vart sjuk og døydde berre 56 år gamal i 2021.
Ulvar Akselsen (Ap). FOTO: Nils Tokheim
Tryggleikssituasjonen
Tryggleikssituasjonen i verda var hovudtema i debatten. Kva som er den største tryggleikstrusselen i dag var det brei semje om at er autoritære regime, naturkrisar og mattryggleik. Kjersti Toppe (Sp) var konkret på at bakkekrig i Europa, situasjonen i Gaza og Donald Trump er skremmande.
Terje Søviknes (Frp) snakka om trusselen frå Russland, men tok tydeleg Kina med i same fryktbiletet.
— Ein stad bak Russland ligg Kina, og dette må ikkje bli undervurdert geopolitisk, meiner Søviknes.
Terje Søviknes (Frp). FOTO: Nils Tokheim
Ulvar Akselsen (Ap) og Geir Ugland Jacobsen (ND) hadde to ulike oppfatningar av tillit. Akselsen meiner at det er viktig å oppretthalda den gode tilliten ein har til media i Noreg, medan Jacobsen meiner at pressa verken har eller fortener tillit her i landet.
— Alt er satt i spel, og det er skapt av lygande politikarar, seier Jacobsen.
Sofie Marhaug (Rødt) likte òg å setja ting på spissen, og meiner det er mykje politisk idioti her i landet. Det var likevel få eller ingen som fekk meir applaus i salen enn henne.
Forsvarsbudsjettet
Her var det ein del sprik, men dei fleste partia vil at ein skal halda fast ved NATO slik det er i dag. Raudt-representanten Marhaug tok rett nok til orde for å gjera seg noko mindre avhengig av USA, og heller vende seg mot land i Europa som Noreg kan samanlikna seg med.
Alle var grunnleggjande einige om at ein over tid har bygd det norske forsvaret for mykje ned.
Det var mogleg for publikum å senda SMS med spørsmål. Fire slike spørsmål blei det tid til, men langt fleire kom inn. Eit gjekk på offentlig sløsing, og her var det kun partileiaren i det minste partiet som meinte at det er stor sløsing i norsk forvalting. Det var rett nok påpeikt av fleire at på nokre område er det stort forbetringspotensial.
Tryggleik rundt gassinfrastruktur var eit anna spørsmål, og her var det heller ikkje så mykje sprik. Birkeland (V) meiner at ein må ha ein mindre naiv haldning til at russiske fiskebåtar får levera i norske hamner, og at det burde vore losplikt uansett storleik på russiske skip.
I sluttkommentarane var Joel Ystebø (KrF) like tydeleg som i innleiinga om at politiet må bli styrka. Birkeland (V) var tydeleg på at det må koma ein debatt om landet skal inn i EU. Søviknes (FrP) konkluderte viktigheita av fridom, tryggleik og opprusting av politiet. Akselsen (Ap) var nok ein gong innom gjensidig tillit i samfunnet, og Marthe Hammer (SV) meinte at tillit i samfunnet er å unngå aukande økonomiske forskjellar. Ho hadde ettermiddagens kanskje mest morosame stadfesting då ho parerte utsegn tidlegare i debatten om at mange av kommunane i Noreg går med store underskot.
— Dette underskotet er totalt 4 milliardar, eller like mykje som ein viss bergensk milliardær har i formue, sa Hammer.
Ida Steinsland Lutro (H). FOTO: Nils Tokheim
Kjersti Toppe hevda at Sp er garantisten mot å få landet inn i EU, og Høgres Ida Steinsland Lutro avslutta med det som gjer tryggleik på dei fleste viktige områda er å halda fast på internasjonalt samarbeid.
Publikum
Kinosalen i Skakke var litt over halvfull, som er litt under eit par hundre. Blant publikum etterpå var Norgesdemokratene den store snakkisen.
— Det var interessant, artig og kjekke vinklingar, men det er grenselaust vanskeleg å akseptera at nokon undergrev demokratiet slik som ein av representantane viste vilje til å gjera, seier Liv Østrem som er utflytta etnebu, no busett i Fjaler.
Magne Berge (29) frå Skånevik syntes òg at det var interessant, medan Jon Sævareid frå Etne var overraska.
— Dette var betre enn eg hadde trudd det ville bli, og eg var imponert over representantane frå Rødt og SV som var dei beste, seier Sævareid.
Jon Sævareid frå Etne var overraska. FOTO: Nils Tokheim